Høgskolen i Innlandet
Høgskolen i Lillehammer er fra Høgskolen i Innlandet

HiL > Biblioteket > Kurs og veiledninger > Oppgaveskriving > Åtte trinn i informasjonssøkinga

Åtte trinn i informasjonssøkinga

Desse åtte trinna gjev ein enkel og effektiv strategi for å finne informasjon.

Målet er å vise ein enkel og effektiv strategi for å finne informasjon i studiesamanheng og å dokumentere kjeldene du finn. Avhengig av emnet ditt og kor kjent du er med bruk av biblioteket, må du kanskje gjera om på rekkefølga av trinna. Bruk rettleiinga etter dine behov!

1. Definer problemstilling

Kva skal du finne informasjon om? Det er vanskeleg å finne relevant informasjon dersom du ikkje veit kva du søker.
Definer viktige omgrep og emneord for problemstillinga. Den følgande informasjonssøkinga gjer at du kanskje må justere problemstillinga di, men det gjer det ikkje mindre viktig å ha ei klart formulert problemstilling heilt frå starten.
Eksempel: Du vil finne ut meir om hugseteknikkar for bruk i studiesamanheng.

2. Finn bakgrunnsinformasjon - velg emneord

Sjekk håndbøker, ordbøker og leksika - generelle leksika og fag-leksika. Nyttar du dei riktige omgrepa/termane? Artiklar i oppslagsverk har nettopp som mål å gje ei presis innføring i eit emne.
Noter ned beslekta emneord frå artiklane, og sjekk òg forelesningsnotatar og lærebøker for å finne så gode emneord som mogleg.
Eksempel: Mnemoteknikk, minneteknikk, studieteknikk, minneskart, læring osb.

3. Finne bøker

Bruk emneordene for å søke i bibliotekets database, Oria. På dette tidspunktet i søkeprosessen bør du vera meir interessert i å få eit bredt utvalg informasjon, framfor å avgrensa den. Start difor med vide søketermar.

Når du får relevante treff, vurder alle emneorda dei er registrerte med (du får opp alle emneorda på ei bok når du velger fanen "Emner...") , og gjer nye søk. Ver spesielt merksam på bøker som gjev ei samla oversikt over eit emne, og ikkje berre eit aspekt ved emnet. Når du har fått tak i bøker – sjekk litteraturlista (kjeldelista) i bøkene for å få forslag til meir litteratur.

Ver merksam på at du kan skifte mellom søk i HiL sin base og søk i basen til alle universitets- og høgskolebibliotek i Norge.

4. Finne tidsskriftsartiklar

I biblioteket har du tilgang til databasar over artiklar både i norske og utanlandske tidsskrift. Du kan søke på emne, tittel eller ord i tittel og forfattar. Det er to hovedtypar artikkelbasar: Referansebasar og fulltekstbasar. Referansebasane gjev deg berre dataene om artikkelen, og i nokre høve eit samandrag (abstract), medan fulltekstbasane gjev sjølve artikkelen. Vi har laga ei oversikt over forskjellige basar: Søk i databasar.

Hugs at den mest oppdaterte informasjon alltid finst i tidsskrift!

5. Finne internettressursar

Leit først og fremst blant dei utvalgte internettressursane du finn i Bibsys emneportal. Det er som regel meir effektivt enn søkemaskinane.

Skal du leite på "heile" nettet, bruk søkemotorar eller emnekatalogar - dei er lista under Søkeverkty.

Sjå Universitetsbiblioteket i Lund sin guide for korleis du søker etter informasjon på Internett.

6. Vurder kva du har funne!

Det er viktig å vurdere kvaliteten på det du har funne. Dersom du har funne veldig få eller veldig mange kjelder, treng du truleg å utvide eller snevre inn søkeomgrepa dine.

Les meir om kva som kjenneteiknar vitskaplege tidsskrift.
Ver kjeldekritisk - kikk på denne sida frå Høgskolen i Bergen.

Biblioteket på Cornell University har laga ei omfattande sjekkliste for å analysere informasjonskjelder: Critically Analyzing Information Sources.
Dei har òg laga ei sjekkliste for å avgjera om eit tidsskrift er forskningsbasert: Distinguishing Scholarly Journals from Other Periodicals.

7. Skriveprosessen

Sjå Søk & Skriv sin vegleiing for oppgåveskriving.

8. Bruk standard format for referanselista.

Vegleiing til korleis du skal sette opp referansar til dei informasjonskjeldene du har brukt og korleis utarbeide litteraturlister, sjå under kildehenvisningar.

3 gode råd:

Gå frå det generelle til det spesielle.
Finn bakgrunnsinformasjon først, deretter kan du bli meir spesifikk!

Noter kva du har funne og kvar du fann det!
Skriv ein komplett referanse straks du har teke i bruk ei bok eller ein tidsskriftsartikkel - du vil ofte få bruk for det seinare!

Pass på at du nyttar dei riktige emneorda i den enkelte databasen!
Legg spesielt merke til kva for emneord som er brukte på bøker/ artiklar som er spesielt interessante for deg!

.............................
Innholdet på denne sida er oversatt og tilrettelagt frå:
The Seven Steps of the Research Process
Cornell University Library
Instruction, Research, and Information Services (IRIS);
Reference Department;Ithaca, NY, USA

Høgskolen i Vestfold, Biblioteket har oversatt og bearbeidet innholdet til norsk. HiL-biblioteket har oversatt til nynorsk.

Sist oppdatert: Hilde Hagtvedt Farmen 28.11.2014

Oppgaveskriving

Mandag-torsdag kl. 8 -19
Fredag kl. 8-16

bibliotek@hil.no
Tlf.: 61288395
20©09 Høgskolen i Lillehammer, Postboks 952, 2604 Lillehammer | Fakturaadresse | Telefon: 61 28 80 00 | E-post: post@hil.no |L