Høgskolen i Innlandet
Høgskolen i Lillehammer er fra Høgskolen i Innlandet

HiL > 2013/14 Studiehåndbok > INN3001/1 Vitenskapsteori og metode

Vitenskapsteori og metode

Back Tilbake
Kode
INN3001/1
Studiepoeng
15
Semester
Vår
Heltid/ deltid
Både heltid og deltid
Pensum
Emneansvarlig
Roar Høstaker
Karaktersystem
Karakter A-F
Undervisningsspråk
Norsk
Emneeier
MA Innovasjon og næringsutvikling
Studenttorget
studenttorg@hil.no
Telefon: 612 88000
Emnebeskrivelse

Undervisinga blir innleia med ein gjennomgang av sentrale ”-ismar” og nærslekta tema innanfor vitskapsteorien. Så følgjer undervisinga i metode. Metodeundervisinga vil dekke både kvalitative og kvantitative forskingsmetodar gjennom å presentere studentane for dei mest nytta teknikkane i kvalitativ og kvantitativ dataanalyse. Som eit ledd i metodeundervisinga inngår også at studentane sjølve skal trene på å bruke nokre av dei teknikkane som blir dekt i undervisinga. Denne treninga vil munne ut i ei obligatorisk mappeinnlevering i både kvalitativ og kvantitativ dataanalyse.


Læringsutbytte

Emnet vitskapsteori og metode skal gi studentane innsikt i vitskapens filosofiske grunnlag samt i de metodar som er nødvendige for eit høgre grads samfunnsfagleg studium. Målsettinga for vitskapsteorien er at studentane skal utvikle forståing for korleis vitskapeleg kunnskap frambringes slik at dei kan vurdere denne kritisk. Sentralt i dette vil vere eit fokus på den forskingsbaserte kunnskapens muligheiter og begrensingar og korleis den kan brukast i konkrete situasjonar. I denne samanhengen står også etisk medvit i forhold til bruk av forskingsbasert kunnskap sentralt.

Vitskapsteorien vil omfatte ein gjennomgang av ”grunnlagsproblema” og ulike vitskapsteoretiske posisjonar knytt opp mot aktuelle case og historiske debatter. Sentrale tema i undervisinga vil være empirisme, rasjonalisme, hermeneutikk, fenomenologi, kritisk teori og konstruktivisme. Sidan studiet siktar mot å rekruttere studentar med både samfunnsfagleg, økonomisk og naturvitskapeleg bakgrunn, vil eit spesielt fokus også bli retta mot ulikskapane (og likskapane) i vitskapsteorien til desse faga.

Målsettinga for undervisinga i metode er at studentane skal få øve opp sine praktiske evner i dataanalyse til et nivå som gjer dei i stand til utføre dette i masteroppgåva. Denne undervisinga vil vere ei vidareføring frå tidlegare undervising i metode på bachelor-nivået.


Undervisnings- og læringsmetode

Undervisinga blir innleia med tradisjonelle førelesningar for seinare å veksle mellom forelesingar og øvingar i PC-rom. I samanheng med denne undervising vil det bli gitt noe opplæring i bruk av statistisk programvare (SPSS eller liknande). Mot slutten av undervisingsperioden blir det meir parvis arbeid med mappene under rettleiing.


Emne er obligatorisk for

Master i innovasjon og næringsutvikling og Master i public administration



Arbeidskrav

For å få gå opp til den skriftlige 6-timers eksamenen, må studentane (parvis) ha godkjent både den kvalitative og den kvantitative mappa.


Eksamensform

Ein skriftleg 6-timers skoleeksamen basert på heile pensumet i emnet.


Tillatte hjelpemidler

Ingen




Back Tilbake   Back Til toppen
20©09 Høgskolen i Lillehammer, Postboks 952, 2604 Lillehammer | Fakturaadresse | Telefon: 61 28 80 00 | E-post: post@hil.no |L