Høgskolen i Innlandet
Høgskolen i Lillehammer er fra Høgskolen i Innlandet

HiL > 2006/07 Studiehåndbok > INN3010 Masteroppgaven - Innovasjon og næringsutvikling

Masteroppgaven - Innovasjon og næringsutvikling
Back Tilbake
Kode
INN3010
Studiepoeng
45
Semester
Vår og høst
Heltid/deltid
Heltid
Antall studenter
20
Karaktersystem
Karakter A-F
Emneeier
MA Innovasjon og næringsutvikling
Pensum
Studenttorget
studenttorg@hil.no
Telefon: 612 88000
Emnebeskrivelse

Masteroppgåva skal ha eit omfang på 60 ? 90 sider inkludert tittelsider, innhaldsliste og vedlegg. Dette skal vere eit sjølvstendig forskingsarbeid under rettleiing.

 

Rettleiing

Den einskilde kandidaten får seg tildelt ein intern rettleiar. Det formelle talet på individuelle rettleiingstimar som kandidaten får rett til, er avtala gjennom kontrakt med høgskulen. Standardnivået er 35 timar for masteroppgåver tilsvarande 45 studiepoeng. Hovudvekta av rettleiinga skjer tidleg i forskingsprosessen knytt til utforming av presisert problemstilling, teori- og metodeval, disposisjon og tidsplanlegging.

Omfang, form og kvalitet

Oppgåva blir skriven på slutten av studiet og skal oppfylle vanlege krav til vitskapleg publisering. Normalt skal oppgåva byggje på empiri, men det vil også opnast for reint teoretiske oppgåver. Oppgåva skal innehalde presis problemstilling, teoretisk tilnærming, grunngjevne metodeval og systematisk argumentasjon. Oppgåva kan skrivast på norsk eller engelsk. Også god språkføring vil bli tillagt vekt.

Oppgåva skal vere eit forskingsarbeid. Det vil seie at

  • ho skal ta utgangspunkt i ei problemstilling som eventuelt er presisert gjennom underproblemstillingar.
  • rettleiiaren skal godkjenne at problemstillinga som oppgåva tek opp, fell inn under temaet ?Innovasjon og næringsutvikling?
  • oppgåva skal byggje på: kjennskap til forskingsfronten på feltet. Innsamling og analyse av relevante tekstar. I empiriske oppgåver er innsamling og analyse av eigne observasjons-, intervju- eller surveymateriale ein del av arbeidet. Analyse av empirisk materiale innhenta av andre, registerdata etc kan erstatte eller supplere eigne data.

Vurderinga av ei masteroppgåve skal byggje på det heilskapsinntrykket ein får som lesar. Følgjande kriterium kan likevel nemnast som spesielt viktige:

·At kandidaten formulerer ei klar, presis, godt spesifisert og fagleg interessant problemstilling

  • At eventuelle empiriske analyser er veldokumenterte, kviler på eit forsvarleg datagrunnlag og støttar seg på akseptert vitskapsteoretisk og metodisk grunnlag
  • At drøftinga av materialet blir knytt til teoriar og omgrep som er relevante i høve til tema i oppgåva
  • Fagleg kreativitet skal premierast.
Emne er obligatorisk for

Master i Innovasjon og næringsutvikling


Eksamensform

Masteroppgåva skal gjevast ein førehandskarakter av sensoratet og etterpå forsvarast munnleg. Rettleiar er ikkje ein del av sensoratet.

Back Tilbake   Back Til toppen
20©09 Høgskolen i Lillehammer, Postboks 952, 2604 Lillehammer | Fakturaadresse | Telefon: 61 28 80 00 | E-post: post@hil.no |L