Høgskolen i Innlandet
Høgskolen i Lillehammer er fra Høgskolen i Innlandet

HiL > 2007/08 Studiehåndbok > INN3003 Næringspolitikk og næringsutvikling

Næringspolitikk og næringsutvikling
Back Tilbake
Kode
INN3003
Studiepoeng
15
Semester
Vår
Heltid/deltid
Heltid
Antall studenter
20
Karaktersystem
Karakter A-F
Språk
Norsk
Emneeier
MA Innovasjon og næringsutvikling
Pensum
Studenttorget
studenttorg@hil.no
Telefon: 612 88000
Emnebeskrivelse

Innhaldet i næringspolitikken har endra seg over tid vektlegging på primærnæringane via etterkrigstidas satsing på industripolitikk næringspolitikken til dagens næringspolitikk. Næringspolitikken er også forskjellig frå land til land og endeleg er næringspolitikken eitt av dei politikkområda der det ofte går eit skilje mellom høgre- og venstresida i politikken. Norge skil seg ut på sin måte med sin sterkt oljeavhengige økonomi. I dette emnet analyserer vi næringspolitikk og utviklingsstrategiar i Noreg, i andre industrialiserte og nyindustrialiserte land (NIC) og land under utvikling.

Medan einskildbedrifta danna basis i Emne 2 er vi her opptekne av bedriftas omgjevnader. Bedrifter er del av større produksjonssystem av ulike slag, bransjar eller geografiske opphopingar i klynger. Næringspolitikken er ikkje berre eit politikkfelt for nasjonalstaten, overnasjonale organ har i aukande grad vorte premissgjevande. I mange land, og Norge er eitt av dei, har staten også overført utviklingsoppgåver til regionane. Nærings- og regionalpolitikk har må forståast i samanheng.

Emnet blir oppdelt i tre bolkar:

1. Internasjonale og nasjonale rammer for næringsutvikling

Formålet med denne bolken er å gje innsikt i korleis det internasjonale økonomiske systemet gjev rammevilkår og spelereglar for nasjonal og regional næringsutvikling og næringspolitikk. Tilhøvet mellom regulering og konkurranse, offentleg drift og konkurranseutsetting er sentrale område. Ulike politisk-økonomiske system sin verknad for næringsutvikling vil vere eit tema.

Alternative og supplerande næringspolitiske strategiar skal analyserast og drøftast; politikk som satsar på innanlandske marknader versus satsing på eksport, bruk av strategisk handelspolitikk og aktiv versus passis stat. Det er også i denne bolken vi vil introdusere dei overordna problemstillingane knytt til vår oljeavhengige økonomi.

2. Næringar, klynger og regionar

Formålet med denne bolken er å gi kunnskap om næringars vekst og tilbakegang, samanhengen mellom næringsutvikling og regional utvikling (til dømes byvekst). Kva for funksjonelle relasjonar bedrifta har til andre bedrifter og bransjar er ein del av dette, tilhøvet mellom offentleg og privat sektor er ein annan viktig relasjon.

I analysen av samspelet mellom styresmakter og marknadsaktørar vil vi i denne bolken leggje særleg vekt på lokal- og mellomnivået, dvs. kommunane, regionane sin tilrettelegging for, og deltaking i, næringsutvikling. Bygging av sterke regionar er ein del av dette emnet. Studenten skal sjølv ta del i øvingar der offentleg tilgjengeleg statistikk blir brukt som grunnlag for å analysere og drøfte nærings- og regionutviklingsstrategiar.

3. Innovasjonssystem og innovasjonspolitikk

Formålet med dette emnet er å gje innsikt i eit hovudtema i dagens næringspolitikk. Innovasjonspolitikk vil bli knytt til ulike former for kunnskapsutvikling; uformell læring i bedrifter, lokalsamfunn og nettverk, FoU i bedrifter, institutt, høgskular og universitet.

Innovasjonssystem vil bli forstått både som nasjonale, regionale og sektorielle: Det nasjonale forskings- og innovasjonssystemet i Noreg og i ein utvald region eller sektor/ klynge vil bli brukt i undervisinga. Også her vil innovasjonsstrategiane bli analysert i eit internasjonalt perspektiv med spesiell vekt på OECD og EU sine roller.

Læringsmål

Se innhold på emnet

Undervisnings- og læringsmetode

Det skal vekslast mellom forelesingar, individuelle arbeid, gruppearbeid og arbeid i felten. Studentane skal enkeltvis eller i grupper velje seg ein region som skal analyserast gjennom tilgjengelege data og analysemetodar. Slike arbeid skal dokumenterast som arbeidskrav.

Emne er obligatorisk for

Master i Innovasjon og næringsutvikling


Eksamensform

Eksamen har form av eit essay på 15-20 sider. Dette kan vere ei rein teoretisk drøfting eller det kan byggje på empiriske øvingsoppgåver som tidlegare i kursen er innsendt som arbeidskrav. Essay og pensum skal forsvarast gjennom munnleg prøve.

Pensum liste
Pensum kan kjøpes hos:Mjsbok

Obligatorisk pensum

Fagerberg: Innovation: A guide to the literature. I Fagerberg m.fl. (red)., kap 1, 26 sider

Powell & Grodal: Networks of Innovators, I Fagerberg m.fl. (red)., kap , 25 sider

Smith: Measuring innovation, I Fagerberg m.fl. (red)., kap 6, 30 sider

Edquist: Systems of innovation: Perspectives and challenges, I Fagerberg m.fl (red)., kap 7, 27 sider

Asheim & Gertler: The geography of innovation: Regional innovation systems, I Fagerberg m.fl (red)., kap 11, 26 sider

Bruland & Mowery: Innovation through time, I Fagerberg m.fl.(red)., kap 13, 30 sider

Miles: Innovation in services, I Fagerberg (red)., kap 16, 25 sider

Austvik: I nternasjonal handel og økonomisk integrasjon, Kap 1, 2, 16 og 17, 77 sider

Norman, Innledning: Grunnlaget for næringspolitikk, I Norman (red), s. 9-25, 17 sider

Nordvik: Fra plan til marked, I Norman (red), s. 27-55, 28 sider

Heum: Norske storforetak - lokomotiver uten vogner. I Norman (red) s. 57-83, 26 sider

Lommerud: Konkurransepolitikk eller aktiv næringspolitikk i en liten åpen økonomi. I Norman (red) s. 117-136, 20 sider

Mathiesen: Mot en ny næringspolitikk, I Norman (red) s. 193-222, 30

Hagen m.fl: Globalisering, næringslokalisering og økonomisk politikk, kap 1-3, 5-6, 119 sider

Spilling (red): Kunnskap, næringsutvikling og innovasjonspolitikk, kap 1-10, 200 sider



Supplerende / anbefalt litteratur

Aktuelle dokumenter, ca 200 sider, kursorisk


Back Tilbake   Back Til toppen
20©09 Høgskolen i Lillehammer, Postboks 952, 2604 Lillehammer | Fakturaadresse | Telefon: 61 28 80 00 | E-post: post@hil.no |L