Høgskolen i Innlandet
Høgskolen i Lillehammer er fra Høgskolen i Innlandet

HiL > For studenter > Eksamen > Tilrettelegging ved eksamen

Kontaktinformasjon

Kom gjerne innom i Studenttorget eller ta kontakt med oss på e-post:

Oddny.Leirmo@hil.no

Gro.Myrum@hil.no

Hanne.Bjertnas@hil.no

Søknadsfrist for tilrettelegging ved eksamen:

1. oktober for høstsemesteret

1. februar for vårsemesteret

Skjema:

Har du behov for tilrettelegging?

Ved Høgskolen i Innlandet ønskjer vi å leggje forholda til rette for ein god studiekvardag for alle. Vi jobbar heile tida med for å utforme universelle løysingar som skal inkludere alle studentar, men av og til kan det vere behov for individuell tilrettelegging:

  • du har nedsett syn/høyrsel
  • du har nedsett funksjonsevne
  • du er kronisk sjuk
  • du har skader

Tilrettelegging ved eksamen ved Høgskolen i Innlandet - Lillehammer

Søknadsfristen er 1. oktober for haustsemesteret og 1. februar for vårsemesteret.

For eksamen som blir arrangert før 1. november i haustsemesteret og 1. mars i vårsemesteret er søknadsfristen ein månad før eksamen.

Søknadsskjema "Søknad om tilrettelegging av eksamen" kan du laste ned frå nettsida vår eller få utlevert i Studenttorget.

Ferdig utfylt skjema leverer du i Studenttorget saman med dokumentasjon:

Jamfør § 35 i Forskrift om opptak, studiar og eksamen ved Høgskolen i Lillehammer må behovet for særordning dokumenterast med legeattest eller spesialisterklæring av nyare dato, med mindre ordninga skjer på anna enn medisinsk grunnlag. Individuell tilrettelegging vert i utgangspunktet gitt til studentar med langvarige/kroniske lidingar.

Kva viss behovet for tilrettelegging ved eksamen oppstår etter at søknadsfristen er ute?

Studentar som blir akutt sjuke eller skada (det vil seie at behovet for tilrettelegging oppstår etter at søknadsfristen er ute), har kun krav på tilrettelegging i form av ny eksamen("konte") i påfølgjande semester. Eventuelt tilrettelegging i form av utvida tid ved eksamen, dersom det er sannsynleg at studenten vil klare å gjennomføre ordinær eksamen.  

Sist oppdatert: Torun Tøsse Løvseth 01.07.2017

20©09 Høgskolen i Lillehammer, Postboks 952, 2604 Lillehammer | Fakturaadresse | Telefon: 61 28 80 00 | E-post: post@hil.no |L