Formål:
- Å ha enkle reglar som er lette å praktisere, er tilpassa praktiske omsyn for biblioteket og ei brukarvenleg teneste for lånarane.
Reglar:
- Kven kan låne? Alle tilsette og studentar ved Høgskolen i Lillehammer kan låne i biblioteket. Alle må godkjenne bibliotekreglementet skriftleg. Eksterne kan óg låne.
- Kor lenge kan du låne? Pensumbøker har lånetid på 14 dagar, og andre bøker 28 dagar. Pensumfilmar kan ein låne 1 dag (dagslån). Unntak er tidsskrift og bøker frå referanse- og pensumsamlinga. Desse er ikkje til utlån, men kan brukast i biblioteket og i biblioteket sin lesesal. Fjernlån kan ha spesielle vilkår.
- Fornying: Lån frå eiga samling kan fornyast inntil seks gonger dersom ingen står på venteliste. Lån blir fornya for 28 dagar om gongen.
- Purring: Lånarar som ikkje leverer etter tredje purring, vil bli nekta framtidige lån. Lånarar kan likevel, når alle forfalte lån er levert eller erstatta, søke om å få innvilga lånestatus att.
- Erstatning:
- Ein lyt erstatte tapte/øydelagde dokument.
- Erstatninga blir utrekna ut frå verdien av dokumentet og kva det kostar å skaffe det, og biblioteket sine utgifter, for tida 500 kr pr dokument.
- I tillegg blir det krevd eit gebyr på 200 kr for innkallingar og fakturering.
- Dersom dokumentet blir levert etter at faktura er sendt ut, eller lånar kjøper erstatningseksemplar, fell dei 500 kr bort. Ein lyt framleis betale dei administrative kostnadene.
- Ansvar: Lånarar er personleg ansvarlege for det materiale dei har lånt.
- Purring: 1. og 2. gangs purringer blir sendt per e-post. For studenter: fornavn.etternavn@stud.hil.no.