HiL > For Medarbeidere > Nyheter > Arkiv 2010 > Fagpressepris til forsking.no

Fagpressepris til forsking.no

Logo forskning.no

Redaksjonen i forsking.no mottok nyleg Fagpressens nettpris. Statsråd Tora Aasland stod for overrekkinga. Høgskolen i Lillehammer er eit av 64 medlemer av forsking.no.

- Her får ein spennande og fersk forsking frå inn- og utland - skrivne av kunnskapsrike journalistar. Spennvidda er enorm, så også kunnskapsmengda. Og for dei som kanskje meinte at forsking ikkje hadde tempo og temperatur, bør dette vere kjelda til ein ny konklusjon! uttalte juryen.

Statsråd for forsking og høgare utdanning, Tora Aasland, gav si tydelege tilslutning. Ho meinte at forsking.no. nesten kunne vere farleg for ein som var interessert i forsking. Når ho begynte å lese, var det nesten umogeleg å kome seg ut igjen.

Les meir om forskning.no

Sist oppdatert: Sigrun Dancke Skaare 07.06.2010

20©09 Høgskolen i Lillehammer, Postboks 952, 2604 Lillehammer | Fakturaadresse | Telefon: 61 28 80 00 | E-post: post@hil.no |L