HiL > For studenter > Spesiell tilrettelegging
Studenttorget er Høgskolen sitt informasjonssenter for studentar, tilsette og besøkande.
Åpent alle kvardagar frå kl. 08.00 - 15.30
Frå 15. mai til 15. september: kl. 08.00 - 15.00
Telefon 61 28 81 02
E-post: studenttorg@hil.no
Besøkadresse: Plan 3, Gudbrandsdalsvegen 350
Ta kontakt dersom det er noko du lurer på eller gjerne vil fortelje oss.
Ved Høgskolen i Lillehammer (HiL) ønskjer vi å leggje forholda til rette for ein god studiekvardag for alle. Vi jobbar heile tida med for å utforme universelle løysingar som skal inkludere alle studentar, men av og til kan det vere behov for individuell tilrettelegging:
Det er viktig at du tek kontakt med oss tidleg dersom du har behov for tilrettelegging undervegs i studieløpet ditt. Det kan til dømes vere tilrettelegging i undervisninga, ved innlevering av arbeidskrav eller i forelesningane. Dess tidlegare vi blir gjort merksam på behovet ditt, dess meir får du ut av studia dine. Saman med deg ønskjer vi å finne løysingar som kan gjere studiekvardagen betre for deg.
Kontakt oss!
Kom innom oss i Studenttorget eller ta kontakt med veiledar på e-post: Oddny.Leirmo@hil.no
Tilrettelegging ved eksamen
Hugs at fristen for å søkje om særordning til eksamen er ein månad før eksamensdagen. Søknadsskjema "Søknad om særordning til eksamen" kan du laste ned frå heimesidene våre eller få utlevert i Studenttorget. Ferdig utfylt skjema leverast i Studenttorget saman med dokumentasjon.
Jamfør § 32 i Forskrift om opptak, studiar og eksamen ved Høgskolen i Lillehammer må behovet for særordning dokumenterast frå sakskyndig instans slik som lege, logoped, psykolog etc.