Høgskolen i Innlandet
Høgskolen i Lillehammer er fra Høgskolen i Innlandet

HiL > Forskning > Aktuelt > Miljøpsykologi i avfallsbransjen

Miljøpsykologi i avfallsbransjen

I samarbeid med renovasjonsselskapa i regionen arrangerte miljøet på miljøpsykologi nyleg eit seminar med faglege innlegg knytt til problemstillingar avfallsbransjen jobbar med. Professor Reidulf Watten snakka om bruk av fargar og symbol i samband med kildesortering, og arbeidet for nasjonale standardar. Førsteamanuensis Svein Åge Kjøs Johnsen snakka om korleis ein kan bruke prinsipp om normativ påverknad for å auke graden av kildesortering, basert på masterstudien til Monica Rønning. Han snakka også om korleis ein kan legge til rette for gode brukarmedverknadsprosessar i utvikling av tenester. Stipendiat Ingeborg Flagstad heldt eit innlegg om adferdsendringar i organisasjonar, med utgangspunkt i erfaringar frå Grønt HiL-prosjektet.  

Sist oppdatert: Sigrun Dancke Skaare 14.03.2017

20©09 Høgskolen i Lillehammer, Postboks 952, 2604 Lillehammer | Fakturaadresse | Telefon: 61 28 80 00 | E-post: post@hil.no |L