HiL > Forskning > Forskerutdanning > Stipendiater > Ståle Stein Berg

Ståle Stein Berg

Fagområde
Film, dramaturgi

Arbeidstittel
Skildring og forteljing. Ein grenseoppgang mellom filmens antipoder

Sammendrag av prosjektet
Prosjektet handlar i korte trekk om å synleggjere og nyansere ei forteljarform vi i denne samanheng kallar skildring. Dette er ein type forteljarstyrt film, der det strukturerande og konseptuelle rammeverket for fortlejinga er meir styrt av forteljaren enn av den underliggande historia (dramaet).

Forma er såleis episk – forteljaren trer inn i fortlejinga og "garanterer" for verkets indre samanheng og meining gjennom sitt utvalg av motiv og handlingselement – i motsetnad til i eit klassisk drama, der forteljaren gøymer seg for ikkje å forstyrre historias suggesjons- og illusjonskraft.

Prosjektet vil kunne oppfattast som ei forlenging av resonnementet rundt ein europeisk, kunstnarleg orientert filmtradisjon, som på mange vis er i skvis på grunn av den dynamiske, nærast "produktorienterte" utviklingspraksisen vi tileignar oss frå Hollywoodsystemet – ein praksis som i ytterste konsekvens avpersonifiserar filmane. Men trass dette, kjem det stadig filmverk som rører seg utanfor desse rammene.

Dette er sjølvsagt gledeleg, men problemet oppstår når ein nyttar seg av ein klassisk, dramatisk modell for forståing og utvikling av verk av denne sorten. Det som er dramatisk korrekt, vil i samanheng med forteljingar som dette, ofte opplevest som feil – og motsatt.

Det betyr at ein i praksis ikkje får ut potensialet i forteljarstyrte verk, fordi modellen ein nyttar ikkje passar prosjektet.

I tillegg finst det ein meir personleg grunn til dette engasjementet, som handlar om forteljarståstad og temperament. Det botnar i kjensla av å stadig komme i konflikt med den klasiske dramamodellen i utviklinga av filmprosjekt; forteljarlynnet er i mange samanhengar meir skildrande enn dramatiserande.

I staden for å demonstrere ei sanning, bevise ein dramatisk premiss – a priorisk – handlar det om å betrakte, skildre eller synleggjere det komplekse og uoversiktlege ved tilværet. Ei open forteljarform, der målet er at det motsetnadsfulle og uavklarte skapar assosiasjonar, meddikting og etterglød hos tilskodaren – samstundes som forteljinga rommar nok handlingselement til at ein opplever ei koherent historie.

Dette tankegodset har prega det kunstnarlege arbeidet som prosjektet har sitt ankerfeste i.

To langfilmmanuskript, "Det gjer ikkje vondt" og "Bright Trash Darling", er derfor utvikla i stipendiatperioden. Dei er forskjellige i form og innhald, men har til felles at dei begge inneheld ei synleg forteljarhand. Begge forteljingane har sin substansielle platform i sterke, konsistente historier, men forteljinga av desse historiene er utvikla med tanke på at atmosfærer, emosjonar og assosiasjonar skal prege framstillinga, snarare enn ein dramatisk, kausallogisk premiss.

Prosjektet vil dermed, gjennom kritisk refleksjon og kunstnarleg praksis, etablere ein platform for utvikling og forståing av den kunstnarleg orienterte filmen i Noreg.

Doktorgradsinstitusjon, veileder, stipendperiode
Berg er ansatt som stipendiat ved Den norske filmskolen, Høgskolen i Lillehammer. Stipendperioden er finansiert av Stipendprogrammet for kunstnerisk utviklingsarbeid.

Les mer om kunstnerisk utviklingsarbeid

Hovedveileder: Edvard Rønning, Høgskolen i Lillehammer, Den norske filmskolen.

Biveileder: Professor Igor Korsic (Professor of History and Theory of Film. Academy of Theatre, Radio, Film and TV. Ljubljana)

Sist oppdatert: Administrator User 26.06.2009

20©09 Høgskolen i Lillehammer, Postboks 952, 2604 Lillehammer | Fakturaadresse | Telefon: 61 28 80 00 | E-post: post@hil.no |L