HiL > HiL > Nyheter > Arkiv 2010 > Arkiv 2009 > Arkiv > Dokumentarvising om Snøhetta
Måndag 5. november kjem regissør Eirin Gjørv med dokumentarfilmen "Ørkenslottet - å forfølge en drøm" (2007). Filmen handlar om arkitektfirmaet Snøhetta og deira strev i arbeidet med å vinne ein kontrakt om å byggje eit monument i det arabiske emiratet Ras al Khaimah.
Filmen er allereie vist på den amerikanske fjernsynskanalen NBS og seld til Sverige og Danmark. NRK viser filmen i slutten av november.
Les meir om monumentet på heimesida til Snøhetta
Eirin Gjørv er utdanna regissør frå Den norske filmskolen.
Visinga er i auditorium C kl. 1630.
Visinga er ope for alle
Dokumentarvisingar er ein godt innarbeidt tradisjon ved høgskolen og er opne for alle studentar - såvel dei praktiske fjernsynsstudentane og kunstnarlege filmstudentane, som dei som tek film- og fjernsynsvitskap.
Tema på dokumentarfilmen om Snøhetta er av ein slik art at også andre interesserte vil ha eit utbyte. Programmet inneber ein kort presentasjon av filmen og regissøren, før vi ser dokumentaren. Deretter er det set av tid til diskusjon/spørsmål/kommentarar etc.
Les meir om dokumentarvisningane på høgskolen
Foto: Snøhetta