HiL > HiL > Nyheter > Arkiv 2010 > Arkiv 2009 > Arkiv > Ei annleis teaterframsyning
Fredag 5. mai presenterer Vardeteatret teaterframsyninga "Ridderspranget" på Høgskolen i Lillehammer. Framsyninga er eit samarbeid med dysleksiforbundet og tek for seg spørsmål rundt tema lese- og skrivevanskar.
Framsyninga tek sikte på å skape åpenhet rundt eit "skjult" tema og bryte ned mytar og fordomar. Teater som verkemiddel er ein ny og spennande måte å bruke i denne samanhengen.
Handlinga
Vi møter Jonas (50) som er sjef på eit lager kor også Alfred (25) jobbar. Dei har organisert lageret på si eiga måte. No skal bedrifta dei jobbar i bli del av ei større kjede, noko som vil føre til forandringar. Gamle system må vikje for ny teknologi. June (26) blir engasjert som datakonsulent for å hjelpe til i omlegginga. Kva møter henne, korleis reagerer Jonas og Alfred på det som skal skje?
Vi følgjer utviklinga og blir kjende med personane som blir påverka av omstillingar, privat og på arbeidsplassen. I løpet av framsyninga blir det høve til å stille spørsmål til karakterane og ha samtalar om tema. På den måten blir vi betre kjende med situasjonen dei er i og dei vala dei har og må ta.
Framsyninga, som varer i alt frå 1 - 2 1/2 time, rettar seg mot fleire. Både dei som sjølv er dyslektikarar eller slit med å lese og skrive, og dei som står rundt, familie, vener, skuleleiarar og arbeidskollegaer.
Framsyninga blir halden i Auditorium A fredag 5. mai kl. 1200. Alle studentar, tilsette og andre interesserte er hjarteleg velkomne!
Les mer om Dysleksiforbundet