HiL > HiL > Nyheter > Arkiv 2010 > Arkiv 2009 > Arkiv > Engasjement rundt kommunale planar
|
|
| Leiar av StHiL Kjerstin G. Lundgard i samtale med ordførar Synnøve Brenden Klemetrud |
|
|
| Rektor Gudmund Moren vurderer Lillehammer si framtid |
Mange tok turen innom standen til politikarane i Glassgården måndag 13. mars då dei presenterte planane for Lillehammer som er ute på høyring i desse dagar. Det var både interesse og engasjement rundt planane og mange tok med seg skjema for innspel som blei delt ut.
Frå kommunen kom ordførar Synnøve Brenden Klemetrud, Rolf Kristiansen (Ap), Kjersti Bjørstad (H), Johan Schei (V), Arne Marsteintredet (FRP) og Turid Thomassen (RV). På bildet ser du representantane frå kommunen saman med direktør HIL Jostein Skurdal, rektor Gudmund Moren og leiar av Studentforeninga Kjerstin G.Lundgard.
Bakgrunnen for politikarane si gjesting er tre planar av stor verdi for Lillehammer si utvikling dei neste 10-20 åra. I tillegg til den formelle høyringsrunden, reiser politikarane rundt for å møte innbyggjarar, gjester og andre for å diskutere, for å få innspel og for å få kommentarar.
Høgskulen i Lillehammer var eit naturleg val på denne runden i og med at kvar 8. innbyggjar i Lillehammer er tilknytt høgskulen anten som student eller tilsett.
Les meir om planane for Lillehammer kommune