HiL > HiL > Nyheter > Arkiv 2010 > Arkiv 2009 > Arkiv > Fagdag freistar til gjentaking
Studia innan rettleiing og coaching er deltidsstudiar. Studiehandbok 2007-2008 for deltidsstudiar kjem 15. februar.
Linkane under er henta frå studiehandbok 2006-2007.
Vel 40 deltakarar frå Mjøs-området var samla 7. februar til inspirerande fagdag rundt tema rettleiing/coaching. Arrangørane planlegg no ein årleg seanse.
Det var den nydanna FOU-gruppa (forsking og utvikling) på Avdeling for helse- og sosialfag, knytte til fagfeltet rettleiing/coaching, som stod for det faglege innhaldet. Fagfolk frå høgskolane i Gjøvik, Hedmark og Lillehammer bidro til ein spennande dag for tidlegare studentar og andre rettleiingsinteresserte som gav positiv tilbakemelding.
Etterspurd tiltak
Tiltaket har lenge vore etterspurd og FOU-gruppa planlegg derfor no å arrangere ein årleg inspirasjonsdag der litteratur, nyheiter, metodar og forsking blir presentert. Eit mål i framhaldet vil også vere at ein slik dag kan hjelpe til med å utvikle eit miljø rundt FOU på fagområdet rettleiing og coaching i samarbeid med dei praktiske utøverane på feltet.