HiL > HiL > Nyheter > Arkiv 2010 > Arkiv 2009 > Arkiv > Fekk dokumentarpris for beste studentproduksjon
Den Norske Dokumentarfilmfestivalen i Volda blir arrangert for tolvte gong i år, og er no den største og eldste dokumentarfilmfestivalen i Noreg.
Les meir om:
- Det var inga tvil i våre hjarter, konkluderte juryen, og overleverte prisen for Beste studentproduksjon til Liv Martinez Aasen og hennar team (biletet) fra Høgskolen i Lillehammer (HiL) for filmen ”Veien tilbake” under Kortfilmfestivalen i Volda.
I kategorien var det stor einigheit i juryen om kva for ein av de 19 nominerte studentfilmane som skulle stikke av med prisen.
Fleire frå HiL med prisar og hederleg omtale
I same kategori fekk filmane ”Livets goder” av Stine Helèn Enger, ”Lysgårdsbakkene” av Aslak Danbolt og ”Mormonia” av Torstein Molle Haug heiderleg omtale. dei er alle studentar ved HiL. Det blei også delt ut ein pitche-pris (pitch = skisse til manus) til fjernsynsstudentane David Alræk og Heidi Klokk frå HiL.
Tre prisar blir delt ut under festivalen. Kategoriane er ”Beste dokumentarfilm”, ”Beste studentproduksjon” og ”Publikumsprisen”. Vinnarane får den tradisjonsrike Flugeprisen. Fluga er symbolet til Den Norske Dokumentarfilmfestivalen.
I 2007 gjekk to av prisane til produksjonar av høgskolens studentar. "Jakten på Sylvia" fikk pris for beste studentproduksjon, mens "Til Kina uten penger" fekk publikumsprisen.
Under festivalen visast dokumentarfilmar frå heile verda. Konsertar, stand-up og folkefest står óg på programmet.
Biletet: HiL-studentane Hanna Engelsviken, Linn Norberg og Liv Martinez Aasen vann prisen for beste studentproduksjon ved Den Norske Dokumentarfilmfestivalen 2008 (Foto: Dokumentarfilmfestivalen i Volda):