HiL > HiL > Nyheter > Arkiv 2010 > Arkiv 2009 > Arkiv > Forskingsdagane 2008!
Forskningsdagene og Høgskolen i Lillehammer har inngått et samarbeid med skolene i Lillehammer.
Målsetningene for Forskningsdagene er å:
Filmkonsert "Brudeferden i Hardanger" med Andreas Ljones som solist arrangeres onsdag 24. september.
For mer informasjon
Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival som i 2008 blir arrangert 19. – 28. september. Under festivalen blir forskingsaktivitet demonstrert i praksis for alle og over heile landet. I Lillehammer vil vi ha ein rekkje spennande og lærerike arrangement i løpet av veka kor fleire er opne for heile byen!
Vi startar opp måndag 22. september med ein storslått hyllest til forskinga og kunsten på Akademisk årsfest. Den vil finne stad i kantina på høgskulen kl. 1400 - 1600. Alle er velkomen!
Deretter går det slag i slag med konferansar, seminar, foredrag og forskingstorg.
Samarbeid med skulane iLillehammer
Nytt av året er at vi har inngått eit samarbeid med skulane i Lillehammer under vignetten "Bestill ein forskar!". Her kan skulane bestille ein forskar frå ein meny som så vil kome og framføre, demonstrere, eller vise fagfeltet sitt anten i klasserommet eller på lærarrommet.
Menyen inneheld også bidrag frå Østlandsforskning (ØF) og NINA.
Forskingstorg i byen
Fredag og laurdag blir alle skular invitert til ei gjesting på Forskningstorget på Sigrid Undsets plass. Der vil vi saman med ØF, NINA, Lillehammer bibliotek og Maihaugen demonstrere forsking, vitskap og kunst for alle interesserte.
Fleire av våre eigne forskarar vil dessutan vere tilgjengelege for spørsmål og dialog på torget.
Høgdepunktet for mange blir stumfilmkonserten "Brudeferden i Hardanger" onsdag 24. september med Lillehammer byorkester og Andreas Ljones som solist på hardingfele.