HiL > HiL > Nyheter > Arkiv 2010 > Arkiv 2009 > Arkiv > Gjestelærar frå Latvia
Aigars Andersons fra Vidzemes Augstskola i Latvia har vitja høgskolen i veke 41. Han har bl.a. hatt undervisning for studentar på Bachelor i økonomi og administrasjon, og gitt dei et innblikk i utfordringar for utvikling av forretningsaktivitetar i dei baltiske landa.
Andersons har også vore inne i marknadsføringskurset for førsteårsstudentane. Der fokuserte han på utviklinga av nye produkt og latviske perspektiv på utvikling av business.
Finansiert gjennom Erasmus-programmet
Aigars Andersons sitt opphald ved Høgskolen i Lillehammer (HiL) er delvis finansiert gjennom Erasmus-programmet. HiL sin Erasmus-avtale med Vidzemes Augstskola inkluderer både student- og lærarutveksling.
Samarbeidsavtalen har eksistert i mange år. Faktisk var tilsette ved HiL med på å starte opp høgskolen i Valmiera i 1996, men utvekslingsaktivitetane har tatt seg kraftig opp dei siste åra. Både studentar og lærarar ved dei to institusjonane har nytta avtalen.
Student- og lærarutveksling
HiL har Erasmus-avtalar med nesten 40 europeiske utdanningsinstitusjonar, så det er mange alternativ for studentar og lærarar som vil reise på utveksling til Europa.
Meir informasjon på internasjonalt kontor
Tekst: Inger Elin Hjelle Foto: Finn Olsen