HiL > HiL > Nyheter > Arkiv 2010 > Arkiv 2009 > Arkiv > Gode signal frå regjeringskvartalet

Statsbudsjettet 2008

Djupedal

- Et offensivt budsjett for Kunnskaps-Norge, står det i en pressemelding fra regjeringen. Budsjettforslaget legger til rette for mer og bedre forskning og høyere utdanning, seier kunnskapsminister Øystein Djupedal (Foto: www.regjeringen.no).

Meir negativt enn positivt

Hans Christian Enge

Studentleiar Hans Kristian Enge er positiv til statsbudsjettet når det gjeld overføringa til Høgskolen i Lillehammer, og særleg at det er gitt omfattande midlar til utstyr ved film- og fjernsynsutdanningane. Likevel inneheld statsbudsjettet meir negativt, enn posistivt sett frå studentane si side.

Budsjettet oppfyller ikkje intensjonen i forhold til Kvalitetsreformen om å gjenreise heiltidsstudenten. Det er ikkje lagt inn tilstrekkeleg kompensasjon for prisvekst og ei svekkja studiefinansering over fleire år.

Studentane får heller ikkje signal om studentrabatt på tog og buss. I tillegg er det leitt at budsjettet ikkje inneheld ein kompensasjon i forhold til studenttalet ved høgskulen. Dette råkar studentane og blir opplevd som urettferdig.

Studietilbodet blir svekkja fordi ein populær høgskule som Lillehammer ikkje får same ressursar per student som mange andre høgskular. Basisbidraget og dermed ressursane til undervisning, service og undervisningslokale skulle derfor vore høgare.

Gode signal frå regjeringskvartalet

Foto: Bent Kure, HiL

Rektor Bente Ohnstad, er svært nøgd med budsjettet for 2008. Budsjettet er eit handslag til høgskolen. Særlig gledeleg er den store tildelinga til plattformskifte som medfører at alt det tekniske utstyret ved film- og fjernsynsutdanningane blir digitalt.

Dette syner at regjeringa har ambisjonar for norsk film, og at høgskolen er ein viktig aktør i dette arbeidet.

Tildelinga av tre nye stipendiatar er viktig for universitetskvalifiseringa og syner at det vert sett pris på dei sterke forskingsmiljøa ved høgskolen. Høgskolen har ønska at basisløyvinga vart auka i tråd med studenttalet. Sjølv om dette ikkje vart innfridd no, er det gode signal frå Stjernø-utvalget om ei meir rettferdig fordeling av midlar til høgre utdanning og som sikrar studentane likeverdige tilbod.

Statsbudsjettet grunnlaget for verksemda ved høgskolen
Statsbudsjettet legg langt på veg premissane for verksemda vår. Vi skal skape det som er mogleg å få til med dei midlane vi har til rådvelde. Det har vi klart før og det skal vi klare endå betre no.

Høgskolen i Lillehammer og region innlandet har dei beste føresetnadene for å få til utvikling, vekst og nytenking, både når det gjeld utdanning, idrett, kultur og opplevingar.

Tildelinga HiL har fått er på 240 mill kroner. Dette er om lag 35 mill betre enn i fjor. Det ligg inne ein reduksjon på 1,3 mill kroner i studieplassendringar. Reduksjonen er ei vidareføring av studieplassendringar i studieåret 2005/06.

10 mill kroner til film – og fjernsynsutdanninga
Når det gjeld utstyr har høgskolen fått ein auke på 10 mill kroner til å legge om til digitalt utstyr ved film – og fjernsynsutdanninga. Dette er ei positiv overrasking, og viser at regjeringa støtter opp om den nasjonale rolla høgskolen har når det gjelder utdanning innan film og fjernsyn.

Høgskolen kan med dette følgje opp intensjonane i Filmmeldinga, og bidra til modernisering og kvalitetsheving for film- og fjernsynsbransjen. Tildelinga viser og at det blir satt pris på Den norske filmskolen som feirar 10 års jubileum til våren.

Ei styrking av forskingsverksemda
Høgskolen har og fått tre nye stipendiatstillingar og har no til saman 20 stipendiatar. Dette vil styrka forskingsverksemda ved skolen og bidra positivt til universitetskvalifisering. Høgskolen har fått ei auke på kr. 121 000,- i omfordeling av forskningsmidlar, og grunnen til dette er god forskingspublisering.

Løyvinga knytt til studiepoengfinansiering har auka med 16.5 mill kroner. Ein vesentleg del er kopla til at filmutdanninga får utteljing annan kvart år, men 4 mill kroner skyldes auka studiepoengproduksjon.

I budsjettet er det lagt inn ein kompensasjon på pris- og lønnsvekst på 4.3 prosent eller 8.8 mill kroner.

Lillehammer – læring og opplevingar for livet
I Lillehammer er vi i den heldige situasjonen at vi har dyktige medarbeidarar, vi har motiverte studentar og vi har ein sterk region i ryggen som er vant til å tenke nytt og utradisjonelt. Dette er uvurderlige ressursar når vi no skal legge planar og stake ut ein vidare kurs mot eit innlandsuniversitet.

- Innlandet og Lillehammer ynskjer å medverke til et nasjonalt og internasjonalt mangfald ved å stå fram som et alternativ til den generelle sentraliseringstendensen der dessverre altfor ofte økonomi er nettopp drivkrafta, seier rektor Bente Ohnstad.

- Vi ynskjer å snu denne trenden og setja dei menneskelige ressursane i sentrum, seier rektoren. Gjennom innovasjon, utvikling og refleksjon i så vel studiar som i forsking, skal vi skape noko nytt og annleis. Vårt mål er at studentar frå Lillehammer skal ta med seg noe meir enn ei utdanning når dei går ut i arbeidslivet.

Sist oppdatert: Administrator User 26.06.2009

20©09 Høgskolen i Lillehammer, Postboks 952, 2604 Lillehammer | Fakturaadresse | Telefon: 61 28 80 00 | E-post: post@hil.no |L