HiL > HiL > Nyheter > Arkiv 2010 > Arkiv 2009 > Arkiv > Godkjend Master i moderne forvaltning (MPA)

Godkjend Master i moderne forvaltning (MPA)

Orgbilde

Høgskolen i Lillehammer har fått godkjent Master i moderne forvaltning (MPA). Godkjenninga gjeld for både dybde- og breiddemaster. Dette inneber at desse studia kan starte opp som planlagt hausten 2007.

Den gledelege bodskapen kom i brev frå NOKUT denne veka. NOKUT er eit uavhengig statleg organ som kontrollerer og gir bidrag til å utvikle kvaliteten på høgare utdanning og fagskuleutdanning i Noreg.

Trong for kunnskap om omstilling
Det finst etter kvart ein del tilbod innan fagfeltet Master i Public Administration (MPA). Dette reflekterer at det i dag er eit omfattande utdanningsbehov knytt til dei store omstillingane i offentleg sektor. Kvart MPA-tilbod har gjerne særeigne profilar.

Høgskolen i Lillehammer sitt tilbod i Moderne forvaltning legg vekt på den rolla tankane om effektiv organisasjonsutforming spelar for reformane i offentleg forvaltning, og på korleis den moderne forvaltninga i aukande grad søkjer nye samarbeidsformer og partnarskap på tvers av forvaltningsgreiner og mot aktørar utanfor forvaltninga.

Det gir også studentane høve til å studere tydinga av nye rammevilkår nærmare, gjennom europeisering, korleis ein aktivt kan ta i bruk ny teknologi, kva rolle leiarskap og strategi spelar internt i forvaltninga, og tilrettelegging i forvaltninga for at aktørar kan fylle entreprenørskapsrollar.

Gjennom studiet skal studentane tileigne seg kunnskapar om moderne forvaltning. Dette skal kunne setje dei i stand til å arbeide med organisasjonsutforming, prosessar i organisasjonar og planlegging, på ein analytisk, kritisk og sjølvstendig måte.

Breidde- eller dybdemaster?
Master i moderne forvaltning blir mogeleg å ta både som breidde- og dybdemaster. Breiddemasteren gir 90 studiepoeng (3 semester), medan dybdemasteren gir 120 studiepoeng (4 semester).

Breiddemaster passar for deg som har ei bachelorutdanning eller tilsvarande frå tidlegare og minst to års arbeidserfaring frå offentleg sektor eller anna yrkeserfaring med stor relevans for offentleg verksemd.

Programma er fleksible og kan takast både som heiltids- og deltidsstudium.

Sist oppdatert: Administrator User 26.06.2009

20©09 Høgskolen i Lillehammer, Postboks 952, 2604 Lillehammer | Fakturaadresse | Telefon: 61 28 80 00 | E-post: post@hil.no |L