HiL > HiL > Nyheter > Arkiv 2010 > Arkiv 2009 > Arkiv > Halv pris i Fysiologisk testlaboratorium
Frå idag til og med 15. juni er det halv pris på alle testar i Fysiologisk testlaboratorium for studentar ved Høgskolen i Lillehammer. Alle som er friske, og som er interessert i trening kan gjennomføre testing.
Fysiologisk testing blir primært gjennomførd for å kunne sjå effekten av trening. Ved å teste regelmessig i løpet av året kan ein lettare sjå effekten av treninga og eventuelt justere treninga om den ikkje har medført ønska effekt.
Testlaboratoriet ved høgskulen blei ferdigstilt i oktober 2008. Det blir nytta i undervisninga på idrettsstudiet, til forsking og til ekstern testing av idrettslag så vel som av enkeltindivid. Eventuell veiledning blir gitt undervegs.