HiL > HiL > Nyheter > Arkiv 2010 > Arkiv 2009 > Arkiv > Har du behov for tilrettelegging?

Studenttorget

Skranke i Studenttorget

Studenttorget
Tlf. 612 88102

Vi tilbyr:

  • Individuell rettleiing. Ta kontakt med Studenttorget for å booke ein time med studierettleiar.
  • Tilrettelegging av eksamen og studiesituasjonen etter behov

Velkomen til Studenttorget!

Har du behov for tilrettelegging?

sigrid_jannike_bsos_06_07

Ved Høgskolen i Lillehammer (HiL) ønskjer vi å leggje forholda til rette for studentar med behov for tilrettelegging, anten dei er funksjonshemma, har kroniske sjukdomar eller skadar. Det er veldig viktig at du som student tek kontakt med oss ved semesterstart dersom du har behov for tilrettelegging undervegs i studieløpet ditt.

Vi jobbar heile tida med for å utforme universelle løysingar som skal inkludere alle studentar, men av og til kan det vere behov for individuell tilrettelegging.

Kontakt oss!
Nokre studentar trengjer individuell tilrettelegging i undervisninga, ved innlevering av arbeidskrav og/eller til eksamen. Dess tidlegare vi blir gjorde merksam på behovet ditt, dess meir får du ut av studia dine. Ta kontakt med Studenttorget.

Eksamenstilrettelegging
Hugs at fristen for å søkje om særordning til eksamen er ein månad før eksamensdagen. Søknadsskjema "Søknad om særordning til eksamen" kan du laste ned frå heimesidene våre eller få utlevert i Studenttorget.

I henhold til. § 33 i Forskrift om opptak, studiar og eksamen ved Høgskolen i Lillehammer må behovet for særordning dokumenterast frå sakskyndig instans slik som lege, logoped, psykolog etc. Men som nemnt ovanfor ønskjer vi at du tek kontakt ved semesterstart dersom du har behov for tilrettelegging undervegs i studieløpet eller til eksamen.

Sist oppdatert: Administrator User 26.06.2009

20©09 Høgskolen i Lillehammer, Postboks 952, 2604 Lillehammer | Fakturaadresse | Telefon: 61 28 80 00 | E-post: post@hil.no |L