HiL > HiL > Nyheter > Arkiv 2010 > Arkiv 2009 > Arkiv > Internasjonale gjester til høgskolen

Internasjonale gjester til høgskolen

Internasjonalt besøk

Onsdag 12. september fikk Høgskolen i Lillehammer (HiL) besøk av rundt 15 gjester frå internasjonale samarbeidspartnarar, bl.a. frå Tyskland, Frankrike, Hellas, Australia og Canada.

Programmet på HiL vart ein del av eit to-dagars arrangement ved høgskolane i Hedmark (HiHm), Gjøvik (HiG)og Lillehammer.

Godt samarbeid om internasjonalisering
HiL, HiG og HiHm har eit tett og godt samarbeid om internasjonalisering, og fleire av gjestene representerer samarbeidsinstitusjonar som er felles for dei tre høgskolane. I løpet av besøket på HiL fikk dei få presentasjonar ved avdelingane samt omvising på campus.

Dagen blei avslutta med ein guida rundtur i Lillehammer. Dei fleste av deltakarane drog så vidare til Trondheim for å delta på konferansen EAIE. Denne konferansen samlar over 2000 deltakarar som jobbar innan internasjonalisering av høgare utdanning.

Les meir om Internasjonalt kontor ved HiL/HiG

Sist oppdatert: Administrator User 26.06.2009

20©09 Høgskolen i Lillehammer, Postboks 952, 2604 Lillehammer | Fakturaadresse | Telefon: 61 28 80 00 | E-post: post@hil.no |L