HiL > HiL > Nyheter > Arkiv 2010 > Arkiv 2009 > Arkiv > Kurs i kreativitet og innovasjon
Stig Hjerkinn Haug fra Stig & Stein Idélaboratorium holder kurs på Høgskolen i Lillehammer 4. og 5. september 2006.
Meir informasjon: Stig og Stein Idélaboratorium
Spørsmål? Yngve Nordkvelle, Torgeir Skyttermoeneller Randi Bredvold
Ønskjer du å auke den kreative kapasiteten din? Lære om fenomenet gjennom studiar av litteratur? Gjennom undervisning og praktisk metode? Då bør du nytte sjansen og melde deg på kurs.
Høgskolen i Lillehammer ønskjer gjennom kurset å gi omgrepet kreativitet konkret innhald og meining.
Fasilitatorskole
4. og 5. september kjem Stig Hjerkinn Haug frå Stig og Stein Idélaboratorium for å tilretteleggje for ein kreativ seanse for interesserte studentar.
Invitasjonen går til alle interesserte studentar ved Høgskolen i Lillehammer, som har ambisjon om å nytte tida ved Høgskolen i Lillehammer til å bli fagleg kreativ og problemløysande - og som vil prøve utvikle si eiga læring gjennom aktiv medverknad.
Så mange som 200 studentar har sjansen til å delta i det Stig kallar ein ”fasilitatorskole”. Med det meinest at når studentane har gått gjennom denne prosessen, kan dei sjølv bruke eigen kreativitet på ein meir konstruktiv måte. Dei vil også kunne leggje til rette for slike prosessar hos andre.
Kreativitet er ikkje minst viktig i oppstarten av nye studiar, slik at ein får mest mogeleg ut av studietida.
Program
Kurset består av to forelesningar og eit helgeseminar:
Tidspunkta for seminar er torsdag kl. 0900-1600, fredag kl. 0900-1600 og laurdag kl.1000-1300. Kravet for deltaking er at du har delteke på forelesningar, kjøpt og lese studielitteraturen og er påmeld. Kursprov etter avslutta kurs.
Kurslitteraturen må kjøpast på Mjøsbok (kr.595,-).
Påmelding i Fronter (gjeld berre deltaking på seminar)