HiL > HiL > Nyheter > Arkiv 2010 > Arkiv 2009 > Arkiv > Lillehammer by ønskjer velkomen
|
|
| Søndre park |
|
|
| Ved Mesnaelva |
|
|
| Ved Bård Breiviks skulptur utanfor Lillehammer kunstmueum |
|
|
| Storgata i Lillehammer sentrum - kjend som Stågata under OL-94 |
Laurdag 12. august ønskjer Lillehammer by med ordførar Synnøve Klemetsrud Brenden i spissen, alle nye og gamle studentar velkomen. Arrangementet startar i idylliske Søndre park vis a vis kyrkja kl. 1400 og fortset med ei vandring i byen.
I parken blir det bode på forfriskingar til alle og du kan bli kjend med nokre av dei andre som startar på Høgskolen i Lillehammer i haust. Alle blir oppmuntra til å ta med foreldre og venner.
Byvandring i hjartet av Lillehammer
Den guida byvandringa startar i idylliske Søndre park. På turen vil du bli betre kjend med Studenthuset Bingo´n, Sigrid Undsets plass, Stortorget med Lillehammer Kunstmuseum, Lillehammer kino og Lillehammer bibliotek.
Du vil oppleve eit yrande folkeliv og nokre av freistingane i den verdskjende Gågata med masse butikkar, kaféar og restaurantar. Vandringa endar på utestaden Nikkers i Elvegata, kor du kan kjenne den friske brisen frå Mesnaelva.
I løpet av turen vil du få eit kjapt overblikk og nyttig informasjon om den byen kan by på av kultur, turistattraksjonar, butikkar, kaféar, restaurantar etc.
Arrangement er eit samarbeid mellom Lillehammer sentrum, Lillehammer kommune, SOPP og Høgskolen i Lillehammer.