HiL > HiL > Nyheter > Arkiv 2010 > Arkiv 2009 > Arkiv > Lunsjseminar om marknaden si makt
Bent Sofus Tranøy er forskar ved FAFO og fyrsteamanuensis i offentleg politikk ved Institutt for statsvitenskap, Universitetet i Oslo.
Lunsjseminar i Drotten kl. 1115-1200
Gjesteforelesning i aud. A kl. 1215-16
Les meir om:
Torsdag 21. september inviterer Årsstudium i internasjonale studiar til lunsjseminar i Drotten. Forskaren Bent Sofus Tranøy (FAFO) vil presentere boka si "Markedets makt over sinnene" (Aschehoug). Seinare same dag held han gjesteforelesing innan internasjonal politisk økonomi.
Omtale frå Forlagsentralen
Boka er eit oppgjer med marknadsfundamentalistane, dei som meiner at mest mogeleg bør organiserast etter marknadsprinsipp, samt at det som skjer i marknader er hevt over kritikk fordi det per definisjon er både rettferdig og effektivt.
Boka går bak fundamentalistane sin utopi og spør kva som faktisk skjer. Den argumenterer for at marknaden ikkje er ei effektivitetsmaskin, men ein arena for maktbruk, at det er fleire kjelder til marknadsmakt og at store selskap, leiarar og meklarar har overtaket.
Forfattaren stiller spørsmåla om marknaden alltid er effektiv og rettferdig, og om valfridom på alle mogelege område er ein garanti for det gode livet eller ei kjelde til stress.