HiL > HiL > Nyheter > Arkiv 2010 > Arkiv 2009 > Arkiv > Nytt deltidsstudium i friluftsliv
På skitur i måneskin
På tur med kano
Redningsøving i snøen
Overnatting i snøhole
Det er eit aukande behov for kompetanse innan friluftsliv på ulike område og frå hausten 2008 kan du studere friluftsliv ved Høgskolen i Lillehammer på deltid. Studiet er tradisjonelt verdibasert og kan representere ei motvekt til det meir forbruksorienterte friluftlivet.
- Studiet er basert på ein økologisk tankegang, seier Kjell Haugen som leier studiet. Han har bakgrunnen sin frå bl.a. Noregs idrettshøgskule. Undervisninga skjer ute i naturen og har tilknytinga si til nærmiljøet. Det kan f.eks. vere i strandsona ved Mjøsa, i skogen utanfor bykjernen eller på fjella rundt.
Satsar på basisdugleikar
Der kor andre satsar på det moderne med krav til mykje utstyr og ressursar, fokuserer vi i dette studiet på basisdugleikar for ferdsel i naturen. Det kan vere tema som korleis søkje ly i naturen, kva slags klede treng ein til ulike forhold, kva slag typar av dyreliv finst og korleis tolke dyrespor.
Målet vårt er å gi studentane naturkjennskap og gjere dei i stand til å ferdast trygt i naturen.
På samlingane trekkjer vi inn ulike rettleiarar etter behov. Ein du vil møte er f.eks. Nils Faarlund som er rektor ved Noregs høgfjellsskule på Hemsedal og av mange rekna som ein guru i friluftssamanheng.
Behov for friluftskompetanse
Med utdanningsreformene på 1990-talet, har friluftsliv fått ein større plass i skulen. I tillegg er det behov for meir fagkompetanse ved mange leirskular og folkehøgskular, innan førebyggjande helsearbeid og rehabilitering.
Også i friluftsorganisasjonane, naturbaserte reiseliv og i natur- og friluftsforvaltninga er det eit aukande behov for folk med høgare utdanning innan friluftsliv.
Her er det berre du sjølv som set grenser. Kompetanse om basisdugleikar i naturen kan bli trumfkortet i nett din karriere dersom du ser høva og bruker fantasien.
Studiet gir 30 studiepoeng og blir tekne over eitt år. Deltidsstudiet i friluftsliv kan innpassast i Bachelor i idrett. Undervisningar finn stad ute i naturen på åtte samlingar gjennom året.
Du kan med andre ord ta ei utdanning, behalde jobben og samtidig kome deg ut i friluft!
Hugs søknadsfristen 15. april.