HiL > HiL > Nyheter > Arkiv 2010 > Arkiv 2009 > Arkiv > Nytt studium om speleavhengighet
Frå februar 2007 vil det vere mogleg å studere speleavhengighet ved Høgskolen i Lillehammer. Studiet er eit ope tilbod til tilsette i helse- og sosialsektoren og gir 15 studiepoeng.
I løpet av året vil Høgskolen i Lillehammer også gjennomføre kursa tre andre stader i Noreg med samlingar i Fredrikstad, Bergen og Tromsø. I 2008 reknar vi med å gjennomføre kurs med samlingar i enda fleire regionar.
Studiet består av to delar:
Studiestart 15. februar 2007 på Lillehammer.
Erfaringsbasert, spesialtilpassa og brukarvennleg
For å formidle erfaringar og opplevingar frå dette fagfeltet i undervisninga, blir det no ei rekkje videoopptak med behandlarar, speleavhengige og pårørande. Video vil såleis bli eit gjennomgåande element i kurset.
Det er også viktig at nettbaserte etter- og vidareutdanningskurs er motiverande og brukarvennlege. Senter for livslang læring (SELL) ved høgskolen utviklar derfor ei spesialtilpassa og brukarvennleg læringsplattform på nett med dette formålet.
Samarbeidsprosjekt
Studiet er kome til som eit samarbeid mellom Avdeling for helse- og sosialfag (AHS), SELL og Østnorsk kompetansesenter (ØKS).
Prosjektgruppa består av: prosjektleiar Hanne Kilen Stuen og Finn Gyllstrøm frå ØKS, Hallgeir Brumoen, Bent Kure og Ingrid Ese frå HIL
Interesserte kan ta kontakt med Line Kristiansen på tlf. 612 88 137 eller på e-post: line.kristiansen@hil.no
Meir informasjon vil snart vere tilgjengeleg på nettstaden: www.pengespillavhengighet.no