HiL > HiL > Nyheter > Arkiv 2010 > Arkiv 2009 > Arkiv > Open gjesteforelesing om heilårs reisemål

Open gjesteforelesing om heilårs reisemål

Ski i Whistler

Torsdag 8. november kjem Bill Brown frå vintersportsstaden Whistler Mountain i Canada til høgskolen for å snakke om korleis Whistler har klart å bli eit leiande internasjonalt heilårsreisemål.

Bill Brown er kommuneplansjef i Whistler Mountain, som er Nord-Amerikas største vintersportsresort og neste vinter-OL sin skiarrangør. Han er også ansvarleg for etterbruken av anlegga og den langsiktige strategien i Whistler. Han vil i si forelesning også snakke om kva rolle kommunen har spela i utviklinga av Whistler som destinasjon.

Opplegget er samkøyrt med Fjellturismekonferansen på Geilo og det vil bli tid til diskusjon og fordjuping.

Tid og stad
Forelesninga startar kl. 1700 i auditorium B. Den er open, gratis og vil bli heldt på engelsk.

Hjarteleg velkomen til Storhove!

Sist oppdatert: Administrator User 26.06.2009

20©09 Høgskolen i Lillehammer, Postboks 952, 2604 Lillehammer | Fakturaadresse | Telefon: 61 28 80 00 | E-post: post@hil.no |L