HiL > HiL > Nyheter > Arkiv 2010 > Arkiv 2009 > Arkiv > Oppretting av internasjonalt utval ved høgskulen

Oppretting av internasjonalt utval ved høgskulen

utiverden_medium

Høgskolen i Lillehammer opprettar eit internasjonalt utval (IU) med representantar frå alle avdelingane. Utvalet skal bidra til at internasjonalisering blir ein integrert del av verksemda på alle nivå.

Høgskulestyret vedtok i vår ein ny handlingsplan for internasjonalisering. Eitt av tiltaka i handlingsplanen er oppretting av internasjonalt utval med representantar frå alle avdelingane. Samansetninga er no klar, og utvalet kan starte arbeidet.

Ein integrert del av all verksemd
Ei overordna målsetning i handlingsplanen er at internasjonalisering skal vere ein integrert del av all verksemd ved høgskulen.

Internasjonalt utvalg skal vere eit forum der avdelingane møtast for å diskutere internasjonale saker, samordne aktiviteten og foreslå nye tiltak som kan bidra til å nå måla i handlingsplanen, som bl.a. er auka student- og lærarutveksling.

Store utfordringar
Tidlegare rektor Gudmund Moren blir leiar av internasjonalt utval, medan Internasjonalt kontor forbereder saker og har oppfølgingsansvar i samarbeid med avdelingane.

- Det skjer mykje på området internasjonalisering, seier den nye leiaren. Takket vere godt arbeid frå Internasjonalt kontor har høgskulen gjort store framsteg dei siste åra, blant anna med eit aukande tal studentar ut og inn. Samtidig er det store utfordringar og mykje meir som kan gjerast. Studietilbod på engelsk, forskingssamarbeid og anna samarbeid med institusjonar i utlandet er eksempel på dette. Internasjonalt utval skal styrkje HiLs arbeid med internasjonalisering.

Mandat for Internasjonalt Utvalg (IU)

Sist oppdatert: Administrator User 26.06.2009

20©09 Høgskolen i Lillehammer, Postboks 952, 2604 Lillehammer | Fakturaadresse | Telefon: 61 28 80 00 | E-post: post@hil.no |L