HiL > HiL > Nyheter > Arkiv 2010 > Arkiv 2009 > Arkiv > På ekskursjon til Roma
Studentane på emnet Maleriets historie dreg på ekskursjon til Roma i veke 6. Der skal dei bl.a. gjeste Det sixtinske kapell med Michelangelos kjende takmåleri.
- Vi har eit fagleg program frå og med måndag 4. til og med fredag 9. februar, seier leiar for ekskursjonen fyrstelektor Kari Aakerli Vik
Interessant emne
Emnet Maleriets historie gir ei oversikt over det europeiske - inklusive det norske - målarstykket si historie, med hovudvekt på perioden 1400 til 1900. Vidare gir emnet ei innføring i sentrale kunsthistoriske teoriar og metodar.
Undervisnings- og læringsmetodane som blir nytta i studiet er forelesningar, seminar, rettleiing og ekskursjonar. Det blir lagt opp til ein eller to ekskursjonar til museer i Lillehammer eller Oslo og eventuelt ein ekskursjon til ein europeisk storby. Turen i år går altså til "Den evige stad" Roma.
Emne er obligatorisk for studentar ved Årsstudiet i kunsthistorie, kan veljast for studentar ved Bachelor i film- og fjernsynsvitenskap og Bachelor i kulturprosjektledelse. Emnet er elles ope for andre personar med ei generell interesse for biletkunst.