HiL > HiL > Nyheter > Arkiv 2010 > Arkiv 2009 > Arkiv > Populære på restetorget
På Restetorget finn du studiar som etter hovudopptaket 20. juli framleis har ledige plassar. Ring direkte til lærestaden, eller søk ved hjelp av SMS.
Alle som fyller dei formelle opptakskrava til studiet kan søkje; du treng altså ikkje å ha søkt tidlegare gjennom Samordna opptak. Søkjarane blir ikkje rangerte; den fyrste som tek kontakt, får den fyrste ledige plassen. Når studiet er fullt, blir det fjerna frå Restetorget.
Blant dei fem mest søkte studia på det nasjonale Restetorget, finn ein tre av studia til Høgskolen i Lillehammer (HIL). Det er årsstudia innan sosiologi, pedagogikk og internasjonale studiar.
Per 30. juli er det registrert 2980 søkjarar fordelt på 461 studiar på Restetorget. HIL har 6 studiar på Restetorget, og forutan dei nemnde 3 på ”Topp 5”, ligg årsstudiar i kunsthistorie, samtidshistorie og kulturprosjektleiing opne for søkning.
Dei 5 mest populære tilboda så langt er:
- Samanlikna med andre høgskular legg HIL ut svært få studieplassar på Restetorget, seier rektor Gudmund Moren. Årsaka er at Høgskolen i Lillehammer har god søkning til dei aller fleste studia.
Høgaste studenttal nokosinne
Mykje tyder på at studenttalet ved semesterstart 15. august vil bli høgare enn sist år, då det låg rundt 3000. Kanskje vil det nærme seg 3500, og i så fall bli det høgaste noko sinne, seier den avtroppande rektor Moren. Høgskulen har budsjettert med 1253 nye studieplassar, i tillegg kjem dei studentane som allereie er i gong med studia sine.
- Men det er alltid noko uvisse knytt til opptakstala, fortset han. Høgskulen har sendt ut tilbod om plass til nesten 1800 studentar, altså atskilleg fleire enn dei vi har plass til. Erfaringa er at det er eit visst fråfall, og at det er nødvendig å overbooke.
Førebur for auken
Høgskulen er i gong med ombygging for å leggje forholda til rette for eit høgare studenttal. I byen er også hybelkapasiteten auka vesentleg dei siste åra. Studentsamskipnaden prosjekterer no nye studentbustader som skal vere klare neste år.