HiL > HiL > Nyheter > Arkiv 2010 > Arkiv 2009 > Arkiv > Positive signal i revidert nasjonalbudsjett

Positive signal i revidert nasjonalbudsjett

penger

Forslaget til revidert nasjonalbudsjett inneber at kuttet i basisfinansieringa som blei gjort i 2007 er reversert. Dette er godt nytt for Høgskolen i Lillehammer (HiL), som i 2007 fekk eit kutt i basisløyve på om lag 5 millionar kroner.

Baisløyvinga skal skal sikre langsiktig og stabil finansiering og tek utgangspunkt i historisk fastsette budsjettrammer. Basiskomponenten varierar frå institusjon til institusjon.

HiL har låg basisfinansiering i høve til andre høgskular og universitet. Dette vil vere med på å rette opp noko av dette. - Reverseringa av kuttet i basisløyve vil leggje til rette for god kvalitet i studiar og tenester, seier rektor Bente Ohnstad ved HiL.

Vi får tilbakeført midlar for siste halvdel av 2008. Vi oppfattar det også som eit positivt signal frå den nye ministeren.

Les meir om revidert statsbudsjett på www.regjeringen.no

Sist oppdatert: Administrator User 26.06.2009

20©09 Høgskolen i Lillehammer, Postboks 952, 2604 Lillehammer | Fakturaadresse | Telefon: 61 28 80 00 | E-post: post@hil.no |L