HiL > HiL > Nyheter > Arkiv 2010 > Arkiv 2009 > Arkiv > Seminar om universell utforming

Universell utforming

Rullestolbruker

Universell utforming er utforming av produkter og omgivelser på en slik måte at de kan brukes av alle mennesker i så stor utstrekning som mulig, uten behov for tilpassing og en spesiell utforming (www.universell.no)

Er universell utforming ein meirbelastning, eller kan det vere enkle grep som lettar kvardagen for mange og reduserer behovet for tid- og ressurskrevjande tilrettelegging?

Dette er tema på seminar fredag 29. mai i auditorium C kl. 1000 – 1200.

Velkomen!

Les meir på http://www.universell.no

Seminar om universell utforming

Rolf Sletten og Oddny Leirmo (Foto: Gro Vasbotten)

Fredag 29. mai inviterer Læringsmiljøutvalet (LMU) og Høgskolen i Lillehammer (HiL) sitt tilretteleggingsteam studentar og tilsette til seminar om universell utforming.

Ein av dei som stiller i seminaret er student ved Bachelor i sosialt arbeid, Rolf Sletten. Han peikar mellom anna på at kompendium må vere i eit ”lesbart format”, og kome ut i god tid.

Høgskulestyret vedtok "Prinsippdokument for universell utforming" i fjor haust.

Universelt = tilgjengeleg for alle

Meir universelt og mindre behov for tilrettelegging er eit tema som HiL drøftar og ynskjer å sette fokus på i dei ulike fora og fagmiljø. For studentane handlar dette om to ting: godt tilgjengeleg og til rett tid.

- Kompendium i lesbart format slik at det går an å digitalisere teksten er eit viktig grep, seier Rolf Sletten. Det blir unødvendig vanskeleg når kompendia kjem ut for seint i høve til forelesingar og oppgåveskriving, og når dei først kjem, er det viktig at dei er av god kvalitet slik at dei lett let seg digitalisere.

Det er også av stor betyding at powerpoint-presentasjonar blir lagt ut i forkant av forelesingar slik at blant anna synshemma og dyslektikarar kan lese dei på førehand.

Mykje som fungerer bra

- Med det er viktig å påpeike at det òg er mykje som fungerer bra på HiL, seier Sletten. Eg brukar Fronter aktivt og er svært nøgd med det. Mange forelesarar er dessutan flinke til å skrive stort og tydeleg på tavla. For oss som er synshemma er dette til stor hjelp.

- Det som ikkje er så bra, er at det litt for ofte hender at lydutstyret i auditoria av ein eller anna grunn ikkje blir brukt. Det burde ikkje vere nødvendig for ein med nedsett hørsel å ta ordet for å gjere merksam på dette. I dag bør slike ting vere sjølvsagt, meiner Sletten.

Vil lette kvardagen for mange

Tema for seminaret er "Er universell utforming ein meirbelastning, eller kan det vere enkle grep som lettar kvardagen for mange og reduserer behovet for tid- og ressurskrevjande tilrettelegging?".

Kjetil Knarlag frå Nasjonal pådriver ved NTNU er innleiar. Målet med seminaret er å vise eksempel på at universell utforming ikkje er ein omveg, men eit grep som vil lette kvardagen for mange.

- Med auka merksemd på universell utforming, er det viktig at du som student veit kva du har krav på og er bevisst på korleis det universelle kan ha positivt verknad på kvardagen – faktisk både for studentar og tilsette, meiner Andreas Halvorsen, leiar i LMU og student på Bachelor i reiseliv.

Universell utforming kan gi mindre behov for ressurskrevjande tilrettelegging for enkeltstudentar – ein fordel både for tilsette og studentar. Vi håpar difor at både studentar og tilsette nyttar denne anledninga til å møtast og ha ein positiv dialog om eit viktig tema i forhold til læringsmiljøet.

Bildetekst: Student Rolf Sletten og Oddny Leirmo frå tilretteleggingsteamet ønskjer eit meir universelt HiL.

Tekst: Kjell Magne Enget
Foto: Gro Vasbotten

Sist oppdatert: Administrator User 26.06.2009

20©09 Høgskolen i Lillehammer, Postboks 952, 2604 Lillehammer | Fakturaadresse | Telefon: 61 28 80 00 | E-post: post@hil.no |L