HiL > HiL > Nyheter > Arkiv 2010 > Arkiv 2009 > Arkiv > Skal representere norsk filmmusikk på CD
"Makten og æren"
"Makten og æren" er en film av Alexander Røsler om lidenskap, kjærlighet og ære som blir knust i et politisk spill.
General Fleischer er mannen som påførte nazistene deres første nederlag under den 2. verdenskrig da han gjenerobret Narvik i 1940
Dei andre komponistane på CD-en er:
Les meir om:
Halldor Krogh (biletet) frå Høgskolen i Lillehammer (HIL) er plukka ut som ein av ti norske komponistar til å representere norsk filmmusikk under Cannesfestivalen i mai.
Dei ti utplukka komponistane skal saman presentere musikken sin på ein CD som Norsk Filminstitutt skal distribuere på ein stand under dagane festivalen varer.
Eit verkty for å oppnå internasjonal merksemd
Produksjonen av CD-ein kom i stand som eit ledd i ein eksportframstøyt frå Music Export Norway (MEN) som skal profilere norsk musikk mot den internasjonalen musikkbransjen. Dette skjer gjennom at Music Export Norway har ulike samplar CD-er med rundt på messer, konferansar, andre viktige møtestader for internasjonal bransje og sender elles sampleren ut til eit utval nøkkelpersonar.
Denne gongen er det Cannes-festivalen som står for tur og møte med den internasjonalen filmbransjen.
Sampleren blir eit verkty for å oppnå internasjonal merksemd for dei aktuelle filmkomponistane. Den er såleis ikkje meint som ei generell Noregsprofilering eller å vise eit tverrsnitt av norsk filmmusikk.
Musikken som er vald, er alle stykke som er utgitte etter 1. januar 2005.
Musikk frå "Fattighuset" og "General Fleischers død"
Halldor Krogh blir presentert ved musikken til fjernsynsdokumentaren "Fattighuset" ("The Poorhouse") som blei sende på TV2. Musikken blir framførd av han sjølv.
Det andre sporet er med musikken til fjernsynsdokumentaren "General Fleischers død" ("General Fleischer dies") av Alexander Røsler - som også høyrer heime på HIL. Denne musikken blir framført av Filmharmonikerne.