HiL > HiL > Nyheter > Arkiv 2010 > Arkiv 2009 > Arkiv > Studiekvalitet engasjerer
Formålet med Studiekvalitetsdagane er å rette merksemd mot studiekvaliteten og korleis både tilsette og studentar kan yte for å oppnå betre studiekvalitet ved HIL.
Prorektor jens Uwe Korten innledet dagen med følgende sitat (Novalis 1798):
"Es ist nict das Wissen allein, was uns glücklich macht - es ist die Qualität des Wissens - die Subjective Beschaffenheit des Wissens"
Sine Halvorsen frå Studentenes Landsforbund innleidde dagen
Fleire av dei tilsette etterlyste studentane sin fagkritikk
Verdien av studentdemokratiet for å betre studiekvaliteten, var eit av fleire punkt Sine Halvorsen frå Studentenes Landsforbund tok opp i foredraget sitt foran ei engasjert forsamling av tilsette og studentar på den fyrste dagen av Studiekvalitetsdagene ved høgskulen.
Vi spurte Sine i lunsjpausen kva som skal til for å engasjere fleire studentar i studentdemokrati og i arbeidet med studiekvalitet.
Verdset engasjement
- Fyrst og fremst trur eg det er viktig at faglærarane verdset studentane sitt engasjement. At dei stimulerer til diskusjon og provoserer studentane til kritisk tenking, sa ho. Deretter trur eg det er viktig at ein stiller tydelege krav til studentane.
I foredraget sitt sa ho også at det er viktig å synleggjere for studentane at dei blir høyrde. Det fordrar ikkje engasjement på lang sikt dersom ein ikkje opplever at det gir resultat.
Studentforeiningsledar Krister Johnson ved Høgskolen i Lillehammer (HiL) er einig og seier han er litt skuffa over at såpass få studentar hadde møtt fram på den fyrste dagen av i alt tre som er vigd studiekvalitet.
- Dagen i dag lover godt for dei neste dagane, seier han. Det har vore fine diskusjonar i plenum og engasjementet er i ferd med å ta seg opp. Eg vil berre oppmode alle studentar til å ta seg tid til å delta vidare og til å engasjere seg i sin eigen studiekvardag.
Gleder seg til dialog med studentane
- Dette er eit viktig tiltak som gjer meg optimistisk med omsyn til mi eiga framtid på HiL, seier Stian Ellefsen, nytilsett høgskulelektor ved idrettsstudiet og fersk "innlending".
Mitt inntrykk er at dette er ein veldig "levande" region. Folk i Lillehammer verkar generelt veldig engasjerte og handlingsorienterte. Eg ser eit stort potensiale i å skulle få vere med og utvikle idrettstudiet vidare saman med både kollegaer og studentar, og gleder meg til å ta fatt.
Dagane fortset
Etter ein kort gjennomgang av dei meir generelle resultata frå Studiekvalitetsundersøkelsen i plenum, var det tid for studievise samlingar med tilsette og studenttillitsvalde for å gå gjennom resultata brote ned på studienivå.
Studiekvalitetsdagane fortset 16. og 17. april.