HiL > HiL > Nyheter > Arkiv 2010 > Arkiv 2009 > Arkiv > Studiekvalitetsprisen 2008

Studiekvalitetsdagane 2008

"Live" veiledning
  • Studiekvalitetsdagane blir arrangerte 15. - 17. april på Høgskolen i Lillehammer.
  • Ulike arrangement vil da vere med på å setje kvalitet i studia i fokus.
  • Prisen for god studiekvalitet vil bli delt ut den siste dagen 17. april.
  • Prisbeløpet er for 2008 sett til 25.000 kroner og blir fritt disponert av studiemiljøet.

Forslag til kandidatar med grunngiving blir sende Studieutvalgets leier Jens Uwe Korten innan 15. mars 2008.

Studiekvalitetsprisen 2008

Biblioteket gir hjelp til informasjonssøking

I april 2008 skal Studieutvalget for fyrste gong dele ut ein pris for god studiekvalitet. Prisen skal gå til eit miljø som har eit gjennomtenkt og velfungerande opplegg for studentevaluering. - Målet med ein slik pris er å lære av dei gode eksempla, seier prorektor Jens Uwe Korten.

Det er viktig å understreke at prisen blir delt ut til eit miljø og ikkje til enkeltpersonar.

Formålet med ein studiekvalitetspris er:

  • å framheve studiemiljø som arbeider godt med studiekvalitet
  • å inspirere andre studiemiljø til å arbeide for god studiekvalitet gjennom gode eksempel

Fokus 2008 på studentevaluering
Studieutvalet ønskjer at fokus for prisen skal endrast kvart år, men at det forholdet som blir valt ut skal vere knytte til studiekvalitet.

Studieutvalet sin pris for god studiekvalitet vil i 2008 bli gitt eit miljø som har eit gjennomtenkt og velfungerande opplegg for gjennomføring av studentevaluering.

Studieutvalet vil i vurderinga leggje vekt på følgjande forhold:

  • Kvaliteten i emneevalueringa
  • I kva grad studentane sine synspunkt og tilbakemeldingar blir innhenta systematisk
  • I kva grad dei studenttillitsvalde, eventuelt også andre studentar har blitt involvert i arbeidet med å utforme evalueringa og følgje den opp i ettertid
  • På kva måte resultata av evalueringa blir brukt til å gjere forbetringar på studiet, eventuelt i samarbeid med dei studenttillitsvalde/studentane

Både større og mindre studiemiljø kan lønnast. Det blir lagt vekt på at opplegga for studentevalueringar er gjennomtenkte og tilpassa studiet.

Forslag på kandidatar innan 15. mars
Studieutvalet utnemner ein prisvinnar på bakgrunn av innkomne forslag. Forslaga skal vere grunngjeve. Både tilsette og studentar ved høgskulen kan nominere eit studiemiljø som kandidatar. Studiemiljøa kan foreslå seg sjølv som priskandidatar.

Eit vilkår for å motta prisen, er at prisvinnaren held ein presentasjon av vinnarforslaget der alle studentar og tilsette ved høgskulen blir invitert til å delta. Dette skal skje torsdag 17. april frå kl. 1300 i samband med Studiekvalitetsdagene 15. - 17. april. Same dag vil læringsmiljøutvalet dele ut prisen sin for godt læringsmiljø. Les meir.

Sist oppdatert: Administrator User 26.06.2009

20©09 Høgskolen i Lillehammer, Postboks 952, 2604 Lillehammer | Fakturaadresse | Telefon: 61 28 80 00 | E-post: post@hil.no |L