HiL > HiL > Nyheter > Arkiv 2010 > Arkiv 2009 > Arkiv > Studium i lokalt internasjonaliseringsarbeid

På ski på Nordseter

Les meir om Lokalt internasjonaliseringsarbeid

Søknadsskjema
Skjema for søknad om opptak til Lokalt internasjonaliseringsarbeid leverast Internasjonalt kontor innan 1. desember 2006

Les meir om Internasjonalt kontor

Studium i lokalt internasjonaliseringsarbeid

PÃ¥ tur i Oslo og Vigerlandsparken

Frå januar vil Høgskolen i Lillehammer tilby eit nytt studium i lokalt internasjonaliseringsarbeid (5 studiepoeng). Dette er i praksis ei fadderordning for internasjonale studentar ved høgskolen med tilhøyrande læringsmål, arbeidskrav og evalueringsform.

Bakgrunnen for studiet er at Høgskolen i Lillehammer (HIL) og Høgskolen i Gjøvik (HIG) har som mål å auke talet på innreisande utvekslingsstudentar. Då er det ein føresetnad at det blir lagt til rette for mottak av desse studentane.

Internasjonalisering av høgare utdanning
Internasjonale studentar krev meir oppfølging enn norske. Dei skal bli kjende med ein ny studiestad, med eit nytt land, ein ukjend kultur og eit framandt språk.

Integrasjon med norske studentar er derfor ein kritisk suksessfaktor. Ei velfungerande fadderordning er eit tiltak som kan hjelpe til at dei blir betre integrerte.

Fadderordninga gir dessutan norske studentar høve til å engasjere seg i internasjonaliseringsarbeidet ved høgskolane. Internasjonalisering av høgare utdanning inneber at:

  • studentar får høve til å ta eit delstudium i utlandet.
  • at studia og studentmiljøa lokalt på høgskolane blir internasjonaliserte (Internationalisation at Home).

Målgruppa for studiet er studentar ved HIL eller HIG som ønskjer å engasjere seg i internasjonaliseringstiltak ved å stille opp som fadrar for internasjonale studentar.

Det blir føresett at dei har fullført minimum eitt semester ved ein av dei to høgskolane, og at dei har gode munnlege kunnskapar i engelsk.

Sist oppdatert: Administrator User 26.06.2009

20©09 Høgskolen i Lillehammer, Postboks 952, 2604 Lillehammer | Fakturaadresse | Telefon: 61 28 80 00 | E-post: post@hil.no |L