HiL > HiL > Nyheter > Arkiv 2010 > Arkiv 2009 > Arkiv > Ut i verda med HiL
- Ud, vil jeg! Ud! - O saa langt, langt, langt, sa Bjørnstjerne Bjørnson. Er du ein av dei som også planlegg eit utanlandsopphald i 2007? Husk søknadsfristen for studieopphald i utlandet 15. februar!
I 2006 var det 70 HiL-studentar som nytta den unike sjansen det er å reise på utveksling. Desse kom tilbake rike på opplevingar og erfaringar. Denne gjeld for deg som skal ut i haustsemesteret 2007.
Nye destinasjonar
HiL har mange spennande utvekslingsavtalar for deg! Nokre av dei nyaste avtalane er med ESC Troyes i Frankrike, Anadolu University i Tyrkia, Fachhochschule Ludwigshafen i Tyskland, SDSMT i Rapid City, USA, og University of Northern British Columbia i Canada.
Er du usikker på kor du skal dra? Kom innom internasjonalt kontor for rettleiing! Søknadsskjema og meir informasjon finn du på internasjonalt kontor sine websider.