HiL > HiL > Nyheter > Arkiv 2010 > Arkiv 2009 > Arkiv > Utlysing av stipend til Nordisk samarbeid 2009
Letterstedtska föreningen
ved Jan Kløvstad
Skjulestad, 4849 Arendal
e-post: jan.klovstad@venstre.no
Tlf. 91 80 82 56
Letterstedtska föreningen gir stipend og tilskudd til studiereiser, seminar, konferansar og anna nordisk samarbeid innan kultur og vitskap. Både tilsette og studentar kan søke. Søknadsfrist er 15. februar 2009.
Tilskot og stipend frå Letterstedtska föreningen gjer det mogleg å oppdatere seg fagleg, vere med i konferansar, skaffe seg informasjon og kunnskap til bruk i eige arbeid eller til beste for institusjonen.
Pengane frå den norske avdelinga av Letterstedtska föreningen går for det meste til individuelle studiereiser og andre faglege reiser til eit anna nordisk land. Dei som får tilskot får gjerne frå 3-4000 til 10-12000 kroner, utfrå erfaringane siste åra.
Søknadsfristen er 15. februar 2009. Dei har ikkje søknadskjema, men ønsker tilsend budsjett, søknadssum og bankkontonummer.
Tilskotsmottakarar må gi kort rapport etterpå. Spørsmål kan rettast til leiar Kolbjørn Skaare tlf. 22 55 30 50 eller Jan Kløvstad på tlf. 91 80 82 56. Søknadane blir behandla i midten av mai, og søkarane får melding om vedtak straks etterpå.