HiL > HiL > Nyheter > Arkiv 2010 > Arkiv 2009 > Arkiv > www.hil.no med fire stjerner i måling

www.hil.no med fire stjerner i måling

noreg.no logo

Årets resultat frå målinga til noreg.no viser at hil.no. ligg i tetskiktet blant norske universitet og høgskolar når det gjeld kvaliteten på heimesidene.

Noreg.no arbeider med å auke kvaliteten på kommunale og statlege nettstader. Ein sentral del av dette arbeidet er å kvalitetsvurdere statlege og kommunale nettstader basert på kvalitetskriteria for offentlege nettstader.

På landstoppen
Kriteria som er lagde til grunn er tilgjengelegheit kor hil.no skåra 60 prosent, brukartilpassing med 76 prosent, nyttige innhald med 54 prosent. Dette gir eit gjennomsnitt for heimesida til høgskolen på 66 prosent. Dette er ein auke på eit prosentpoeng frå 2006. Størst potensial for forbetring ligg på nyttig innhald.

Føre oss på lista over høgskolar og universitet, ligg Høgskolen i Bergen med 84 prosent i snitt, Universitetet i Stavanger med 76 prosent, Høgskolen i Telemark med 74 prosent, Norges Handelshøyskole med 69 prosent, Universitetet for miljø- og biovitenskap 69 prosent og Oslo med 68 prosent.

Les meir om resultata på Noreg.no.

Sist oppdatert: Administrator User 26.06.2009

20©09 Høgskolen i Lillehammer, Postboks 952, 2604 Lillehammer | Fakturaadresse | Telefon: 61 28 80 00 | E-post: post@hil.no |L