HiL > HiL > Nyheter > Arkiv 2010 > Paralympisk ærespris til toppidrettsstudent Nils Erik Ulset
Regjeringa sin paralympiske ærespris for 2010 er tildelt langrennsløpar og skiskyttar Nils Erik Ulset. Ulset er toppidrettsstudent ved Høgskolen i Lillehammer. Vi gratulerer!
Kulturminister Anniken Huitfeldt delte ut æresprisen på festen for dei norske deltakarane i OL og Paralympics laurdag 17. april 2010.
Nils Erik Ulset representerer fleire paralympiske idrettsgreiner med deltakarar frå mange land og hard konkurranse. Gjennom fleire år har han vore blant dei fremste i langrenn og skiskyting, kan vi lese på Skiforbundet sine eigne nettsider.
Ulset deltok i 2010 i sitt tredje paralympics og tok gull og sølv i skiskyting, sølv på 20 km langrenn og bronse på stafetten.
Juryen meiner Nils Erik Ulset har utmerkt seg som ein særs god representant og rollemodell for den norske troppen, for idretten og for Noreg.
Les meir på skiforbundet.no