Innstillinga frå komiteen

Fyrstepris og kr. 500.000 vert tildelt Høgskolen i Lillehammer, prosjektet ”BOL-studiet – en prakademisk utdanning av unge studenter innen HR”

For å dekkje etterspurnaden mellom studentar og arbeidsliv om ei utdanning innan Human Resources (HR) for heiltidsstudentar, har Høgskolen i Lillehammer (HiL) etablert ein bachelor i organisasjon og leiing (BOL). Utfordringa låg særleg i å gje studentar utan tidligare relevant arbeidserfaring ei utdanning som sette dei betre i stand til å takle overgangen til arbeidsliv etter endt bachelor. Dermed har ein satsa på ein kombinasjon av ei praktisk og ei akademisk tilnærming, såkalla prakademisk, til HR-faget.

Det som gjer prosjektet spesielt er kombinasjonen av ei praktisk og akademisk tilnærming. Vidare har ein sett at det å kombinere pedagogiske og faglege tiltak er viktig for å oppnå ynskt resultat. Desse tiltaka bidreg til aktivitet og engasjement mellom studentane. Det har vorte ei utdanning som både er solid og fagleg relevant for praksisfeltet (organisasjonar og verksemder i privat, offentleg og friviljug sektor).

Forutan eit tett samarbeid med og involvering av arbeidslivsaktørar har det i BOL-studiet vorte lagt stor vekt på å bygge eit godt og inkluderande læremiljø. Dette har ein gjort seminar av fagleg og sosial art, medstudentevaluering frå fyrste semester og generelt oppbygging av rolleforståing kring det å vera student. Komitéen ser at ein i BOL-studiet har vore gode til å nytte potensialet kring seg, både hjå studentar, fagmiljø og i praksisfeltet.

Komiteen vil spesielt nemne nokon av dei tiltaka som er sett i verk.

  1. Studenttraineeordninga, som vert gjennomført i siste studieår.
  2. Emne i prosjektleiing utført i andre semester, der prosjektet er utforma av eksterne friviljuge organisasjonar.
  3. BOLAlumni for erfarings- og informasjonsutveksling.

Komiteen meiner at årets førstepris er eit særs godt døme på studiekvalitetsarbeid som aktivt søkjer å løyse mange ulike utfordringar knytt til relevans.

Sist oppdatert: Kristin Korsvold 26.04.2012

20©09 Høgskolen i Lillehammer, Postboks 952, 2604 Lillehammer | Fakturaadresse | Telefon: 61 28 80 00 | E-post: post@hil.no |L