HiL > Om høgskolen > Bjørnsonforelesninga
Den Sørafrikanske forfattaren André Brink (bildet over) er gjesteforelesar ved Bjørnsonforelesninga 2011 ved Høgskulen i Lillehammer. Forelesninga finn stad den 26. mai 2011 klokka 1000-1200.
Bjørnsonforelesninga skal kome frå ein talarstol for framifrå forfattarar, med engasjement i samfunnsspørsmål, nasjonalt og internasjonalt. Problemstillingar knytte til kamp for ytringsfridom, menneskerettar og demokrati er særleg relevante.
Arrangementet blei gjennomført for fyrste gong 31. mai 2007 som ein del av Norsk litteraturfestival - Sigrid Undset dagene.
Forelesninga finn stad i høgskulen si storstove - Bjørnstjerne Bjørnsons auditorium - og skal vere ein del av dei samfunnsmessige formidlingsoppgåvene til høgskulen.
Bjørnsonforelesninga er eit samarbeid mellom Høgskolen i Lillehammer, Nansenskolen og Maihaugen. Med på laget er også Lillehammer kommune, Gausdal kommune, Studentsamskipnaden i Oppland og Fritt Ord.
Bjørnstjerne Bjørnson blei samtidas store kulturpersonlegdom innan det litterære, kulturelle og politiske livet. Han tok eit klart standpunkt for dei små i samfunnet og for dei små nasjonane sin rett til fridom og sjølvstende.
Bjørnson budde på Aulestad i Follebu frå 1875 og fram til han døydde i 1910.