HiL > Om høgskolen > Høgskoleanlegget
|
|
| Glassgården utanfor Studenttorget |
|
|
| Inngangsparti sør |
|
|
| Uteplassen ved kantina MatHiLde |
|
|
| Ytterveggane består av glas og skiferplater |
Foto: Finn Olsen
Høgskolen i Lillehammer held til i eit nasjonalt signalbygg. Husklyngja har fått ei form og masseoppbygging som ikkje dominerer, men framhevar landskapstrekka.
Materialane er valde med omhug, og ytterveggene består av glas og skiferplater basert på nyutvikla teknikk. Det sagtakkete glastaket gir eit lyst og ope innemiljø og fører til ein spenstig utsjånad.
Ein OL-vinnar
Høgskolen i Lillehammer er ein av dei store OL-vinnarane, og både studentane og tilsette set pris på det flotte bygget som høgskolen overtok etter OL. Lokala er storslåtte med store, opne område og ein stor og lys glasgard som fungerer som ei gate som bind saman dei ulike bygningsdelane og romma.
Hollywoodtrappa er hovudinngangen til bygget, og fører ned til Studenttorget og biblioteket med læringssenter. Sentralt i bygget er det også kantine, bokhandel, studentkontor, lesesal, grupperom og datasal. Bygget er tilrettelagt for at studentane skal trivast og ha eit godt læringsmiljø.
HiL-komplekset omfattar ei golvflate på 30.000 kvadratmeter, der 26.000 er nybygget som blei reist til dei olympiske leikane i 1994.
Namn frå området
Bygningane på Storhove har namn knytt til gamle stadnamn og funksjonar. Hovudbygningen Hove består av Sørhove, Vesthove, Nordhove og Østhove.
Dei eldre bygningane er Internatet (kontor for tilsett ved ASV-studia, grupperom for studentar og SOPP), Gamlebygget (undervisningsrom og datasalar), Montenegro (aktivitetar for studentane) og Stabburet.
Også auditoria har lokale namn: Lågen, Balberg, Bæla, Skurva, Korgen, Kannik, Siljan og Fiskevarpet.
Bygg for alle - om tilgjengelegheit
Statsbygg har utvikla ein eigen nettstad www.byggforalle.no som gir informasjon om tilgjengelegheita til publikumsromma i dei fleste offentlege bygg som Statsbygg forvaltar.
Her kan du sjå detaljar om dei einskilde lokala, og om mogelege hindringar på vegen til gjestingsmålet. Søkne kan også baserast på ei vald gruppe av funksjonshemmingar.
Nettstaden er under utarbeiding og blir offisielt lansert innan 1. august 2008.
Sjå www.byggforalle.no for informasjon om tilgjengelegheit i lokala til høgskulen.
Statsbygg har ein stab på fire personar på Storhove til å ta seg av forvaltninga av bygningsmassen.