HiL > Om høgskolen - test
Høgskolen i Lillehammer (HiL) har som sitt formål å drive høgare utdanning og forsking. Høgskolen har ca. 4500 studentar, 700 av dei er deltids- og fjernundervisningsstudentar, og over 300 tilsette.
HiL ligg i eit klassisk parkmiljø på Storhove, knapt fem kilometer nord for Lillehammer sentrum. Den held til i vakre bygningar, nokre gamle og ærverdige, nokre nye og moderne.
Ein problembasert læringsmodell med tett oppfølging av studentane har frå starten i 1970 vore grunnlaget for undervisninga. Prinsippet om at undervisninga skal byggje på forsking, er retningsgivande ved høgskolen.