Høgskolen i Innlandet
Høgskolen i Lillehammer er fra Høgskolen i Innlandet

HiL > hjem > Nyheter > Aktuelt formidlingsnytt > Godeseth, Kval, Roland, Dolva og Johansen på TPS-samling

Godeseth, Kval, Roland, Dolva og Johansen på TPS-samling

Høgskolelektorane Marit Godeseth, Marianne Kval og Liv Roland la fram eit paper på prosjektet "Innovative læringsprosesser – «Deltakelse og medvirkning» - Utvikling av TPS som undervisnings- og læringsform i tre BSV-utdanninger ved HiL" på ei nettverkssamling for tverrprofesjonelt samarbeid og samarbeidslæring i Norge (TPS) i Bergen 1. - 2. juni 2015.

Førsteamanuensis Anne-Stine Dolva og høgskolelektor Astrid S. Johansen presenterte på same samling eit samarbeidsprosjekt mellom høgskolane i Gjøvik, Hedmark og Lillehammer «Skulder ved Skulder». Prosjektet har prøvd ut ein praksismodell med grupper av fire studentar frå to ulike sjukepleiarutdanningar, ergoterapi og vernepleie i heimebaserte tenester i fire kommunar i Hedmark og Oppland.

TPS-nettet ei samanslutning av helse og sosialfaglege miljø ved norske universitet og høgskolar og deira praksisfelt. Det norske TPS-nettet er representert i Nordic Interprofessional Network (NIPNET). Hensikta med NIPNET er å styrke det tverrprofesjonelle samarbeidet i utdanning, praksis og forsking.  På årsmøtet blei Liv Roland vald inn i NIPNETs norske «board-group».

Sist oppdatert: Sigrun Dancke Skaare 11.06.2015

20©09 Høgskolen i Lillehammer, Postboks 952, 2604 Lillehammer | Fakturaadresse | Telefon: 61 28 80 00 | E-post: post@hil.no |L