HiL > Biblioteket > Om biblioteket > Lånereglar

Reglar for utlån ved HiL-biblioteket

Formål:
- Å ha enkle reglar som er lette å praktisere, er tilpassa praktiske omsyn for biblioteket og ei brukarvenleg teneste for lånarane.

Reglar:

  • Kven kan låne? Alle tilsette og studentar ved Høgskolen i Lillehammer kan låne i biblioteket. Alle må godkjenne bibliotekreglementet skriftleg. Eksterne kan óg låne.
  • Kor lenge kan du låne? Pensumbøker har lånetid på 14 dagar, og andre bøker 28 dagar. Filmar merka med gul tape kan ein låne 1 dag (dagslån). Ein kan få utvida lånetid på filmboksar/serier og når ein skal skrive større oppgåver.
    Unntak er tidsskrift og bøker frå referanse- og pensumsamlinga. Desse er ikkje til utlån, men kan brukast i biblioteket og i biblioteket sin lesesal. Fjernlån kan ha spesielle vilkår.
  • Fornying: Pensumbøker og filmar kan fornyast ialt 3 gonger, annen faglitteratur 6 gonger. Dette avhenger sjølvsagd av at ingen står på venteliste.
  • Purring: Lånarar som ikkje leverer etter tredje purring, vil bli nekta framtidige lån. Lånarar kan likevel, når alle forfalte lån er levert eller erstatta, søke om å få innvilga lånestatus att.
  • Erstatning:
    • Ein lyt erstatte tapte/øydelagde dokument.
    • Erstatninga blir utrekna ut frå verdien av dokumentet og kva det kostar å skaffe det, og biblioteket sine utgifter, for tida 700 kr pr dokument.
    • Dersom dokumentet blir levert etter at faktura er sendt ut, eller lånar kjøper erstatningseksemplar, fell kravet bort.
  • Ansvar: Lånarar er personleg ansvarlege for det materiale dei har lånt.
  • Purring: 1. og 2. gangs purringer blir sendt per e-post. 3.gangs purring kjem i posten.
Sist oppdatert: Hilde Farmen 20.08.2012

20©09 Høgskolen i Lillehammer, Postboks 952, 2604 Lillehammer | Fakturaadresse | Telefon: 61 28 80 00 | E-post: post@hil.no |L