HiL > Biblioteket > Om biblioteket > Trivsel i biblioteket
For at vi skal få eit bra arbeidsmiljø må alle hjelpe til. Du er viktig for at heilskapen skal bli bra. For at det skal vera triveleg å vera på biblioteket, vonar vi difor at alle kan vera samde om dette:
Biblioteket som eit godt studie- og læringsmiljø er ein studiestad prega av kreativ "summing", men Det skal vera stilt på lesesalen og mobiltelefonar skal der vera avslegne. I resten av biblioteket kan praten gå dersom det ikkje sjenerar andre.
Dersom du rydder opp etter deg, har vi ingen problem med at du kan nyte både frukt og drikke i biblioteket. Mat et du derimot utanfor biblioteket. Søppelkasser er utplasserte fleire stader, og rett utanfor biblioteket står ein tralle med plass til koppar & glas.
Takk for hjelpa!