HiL > Forskning > Nyheter > Forsking og utviklingsarbeid 2010

Forsking og utviklingsarbeid 2010

a_hele_hil_hovedbilde_fra_nordvest

Høgskolen i Lillehammer (HiL) sin rapport om forsking og utviklingsarbeid for året 2010 ligg føre nå.

Rapporten viser blant anna at tilsette ved HiL dette året publiserte 225 vitskapelege arbeid, av desse 64 artiklar i nasjonale og internasjonale referee-journalar og 21 bøker. Høgskolen oppnådde med det 105,3 publikasjonspoeng i 2010 og ligg på topp blant dei statlege høgskulane, målt i publisering per tilsett.

Høgskolen fekk ein PhD-utdanning i Barns og unges deltakelse og kompetanseutvikling godkjent i 2010. Ein annan søknad om PhD-utdanning i Innovasjonsstudiar i offentleg og privat tenesteyting er p.t. til vurdering i NOKUT. Mastergradsstudiane har dessutan hatt auka søking. Satsingane på høgre grader har vore støtta av Prosjekt Innlandsuniversitetet.

HiL har nokre forskingsprosjekt frå Noregs forskingsråd og frå EU, og ynskjer å auke dette talet i tida framover.

Det er rundt 200 fagleg tilsette ved HiL, der meir enn 60 % er tilsett i topp- og førstestillingar. Høgskolen har ein robust kompetansestruktur med betydeleg forskingsaktivitet som grunnlag for å utvikla profilen innan samfunns- og mediefag vidare, blant anna for å styrkja posisjonen som leiande aktør i universitetsutviklinga.

HiLs rapport om Forsking og utviklingsarbeid 2010 kan du henta ned her.

Sist oppdatert: Kristin Korsvold 18.08.2011

20©09 Høgskolen i Lillehammer, Postboks 952, 2604 Lillehammer | Fakturaadresse | Telefon: 61 28 80 00 | E-post: post@hil.no |L