HiL > Forskning > Nyhetsarkiv > Arkiv > To fagbøker i sommeren

To fagbøker i sommeren

Veggeland, Askheim

Professor Noralv Veggeland og professor Ole Petter Askheim frå Høgskolen i Lillehammer gjev ut kvar sin fagbok.


Veggeland har skrive boka "Styring og reguleringsparadokser", der stikkorda er EU/EØS, offentleg innkjøp, petroleumsformuen, helsevesenet og demokrati. 


Om boka heitar det at vi lever i ei tid prega av ein dominant nyliberal tekning som legg vekt på mest mogleg fri flyt av var, tenester, arbeid og kapital i marknadene. Som eit korrektiv til denne tenkinga har det vakse fram ei førestelling om at regulering er eit universelt middel som kan løyse uro på dei fleste samfunnsområder. Boka "Styring og reguleringsparadokser" kritiserer ein slik førestelling, skriv forlaget om boka. 


Askheim har teke for seg omgrepet "empowerment", som har vorte svært populært innan helse- og sosialfaga. Fagfolka i sektoren skal bidra til at brukarane av ulike velferdstjenester kjem ut av sin avmaktsituasjon og mobiliserer styrke til å få makt og styring over eigne liv. 



På grunn av dei positive assosiasjonane er empowerment vorte noko mange vil ha eit eigartilhøve til, og omgrepet gjevast eit innhald og brukast i samanhengar som står langt frå omgrepet sitt radikale og samfunnskritiske utgangspunkt.

Hovedbodskapen i boka er at om ein ynskjer å jobbe etter eit empowermentperspektiv, fordrar det kritisk refleksjonen om både teoretiske omgrep og eigen yrkesutøvelse. Meir om boka hjå forlaget.

Meir om Ole Petter Askheim

Meir om Noralv Veggeland

Sist oppdatert: Erland Flaten 06.07.2012

20©09 Høgskolen i Lillehammer, Postboks 952, 2604 Lillehammer | Fakturaadresse | Telefon: 61 28 80 00 | E-post: post@hil.no |L